- Forprosjektet til gondolbana i Flåm blir presentert i løpet av året, opplyser Olav Lühr, dagleg leiar i Flåm Utvikling.
Luftige planar
Det er luftige planar Flåm Utvikling no utarbeider saman med Interconsult på Voss. Eit 2.000 meter langt luftspenn med to pendelvogner, der ei vogn går opp når den andre går ned, kan om to og eit halvt år vere ein realitet i Flåm. På Voss er det ei tilsvarande bane, Hangursbana, som mellom anna fraktar skigåarane opp til skitrekka.
Men når forprosjektet er ferdig ein gong før jul, står finanisering, politisk handsaming, tingingar med grunneigarar, og mange andre hinder att før det storstila gondolbaneprosjektet kan realiserast.
Inntil 400 i timen
Kapasiteten kan verte heile 250-400 passasjerar i timen og vil bety svært mykje for selskapet som no styrer det meste av turistaktiviteten i Flåm.