Hopp til innhold

Planar om gigantvarehus i Førde

Coop Vest har planar om ein handelspark på bortimot 40.000 kvadratmeter på Brulandsvellene i Førde.

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

STORE DIMENSJONAR: Det eksisterande Coop Extra midt på biletet blir lite samanlikna med den planlagde handelsparken.

Foto: Asplan Viak, skisse

Planane vart presenterte for planutvalet i Førde i går. Coop Vest Eigedom AS har kjøpt 50 prosent av aksjane i Citus AS, som har opsjon på 80 mål jord i området aust for Coop Extra.

Dagleg leiar Arild Meisterplass i Coop Vest Eigedom seier til Firda at handelsparken kan bli eit kjempeløft for Førde. Han meiner Førde har stagnert som handelsby, medan Sogndal og Nordfjordeid veks, samstundes som mange i Sogn og Fjordane reiser til Åsane og Ålesund for å handle.

Til nrk.no seier han at dei satsar på handelsparken fordi dei ser at handelen er i utvikling og for å gje folk eit tilbod dei elles måtte reise til Bergen og Ålesund for å få.

– Vi ser at handelen sentraliserer seg, og det er ein klar trend at butikkane blir mykje større. Den framtidige veksten vil kome i handelsparkar og storbygg. På Coop Extra vart veksten større og kom kjappare enn vi var klare over.

(Arikkelen held fram under biletet).

Coop Extra i Førde

MYKJE STØRRE ENN DETTE: Mange synest Coop Extra er stort, men den nye handelsparken på baksida av denne bygningen blit langt større.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje rasering av handelshusa

Meisterplass seier dei ikkje legg opp til rasering av handelshusa i Førde, han meiner eit samarbeid vil styrke Førde som handelsstad.

– Vi som den største handelsbedrifta i fylket må ta vårt ansvar for å vere med og utvikle Førde og handelen i heile fylket. Det er det totale tilbodet som blir avgjerande for kor sterk konkurransekraft Førde vil ha. Vi har presentert planane for handelshusa i Førde, og vi er samde om at dette vil styrke Førde, både kjøpesentra og det vi skal til med.

Parkeringsplassar og lett tilskomst er viktig, og på Brulandsvellene er det lagt opp til at det skal vere 700 plassar. Kostnaden på heile handelsparken er rekna til mellom 700 og 800 millionar kroner.

400 til 600 arbeidsplassar

Det er teke sikte på ei stegvis utbygging, og det heile skal etter planen stå ferdig i 2018. Meisterplass reknar med at talet på arbeidsplassar i handelsparken blir mellom 400 og 600.

Og det er forretningar med store arealbehov Coop vil byggje for.

– Vi snakkar om 1500 til 5000 kvadratmeter for kjeder som XXL, Super G, Hennes&Mauritz, Expert, Bohus og Bauhaus. Vi trur at den planlagde handelsparken vil vere attraktiv for slike kjeder, seier Arild Meisterplass.

Ordførar Olve Grotle seier til avisa at førsteinntrykket av planane er at dei tek litt pusten frå han, men at satsinga er svært spennande.

Coop-planar om handelspark på Brulandsvellene

SETT FRÅ VEST: Handelsparken skal etter planen stå ferdig i 2018.

Foto: Asplan Viak, skisse / NRK