Hopp til innhold

Planar om asylmottak i Stryn

Norsk Mottaksdrift AS ynskjer å etablere eit asylmottak med plass til 150 asylsøkjarar i Stryn.

Stryn sett frå Setrevegen

SPREIDD: Asylmottaket i Stryn skal vere fordelt på ei rekkje hus og leiligheiter i heile Stryn kommune. Arkivfoto.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mottaket blir spreidd på hus og leiligheiter fleire stader i kommunen og skal etter planen kome i drift fram mot jul, seier Jon Anders Martinussen i selskapet.

– Vi har i dag intensjonsavtale om leige av fleire hus og leiligheiter i Stryn kommune. Det er tenkt som eit desentralisert mottak.

I denne omgang er det ikkje andre stader i Sogn og Fjordane enn Stryn Norsk Mottaksdrift vil etablere asylmottak. Frå før driv selskapet mottak i Høyanger.

Hero Norge har ikkje planar om å opprette mottak i Sogn og Fjordane no, men Kjartan Dyrstad seier at det kan bli aktuelt seinare.

Lite informasjon til kommunen

Då Norsk Mottaksdrift oppretta mottaket sitt i Høyanger i fjor haust var det stor skepsis lokalt, ikkje minst fordi dei meinte det vart tredd nedover hovudet på dei, utan at dei kunne seie nei.

Ordførar Sven Flo og rådmann Per Kristian Storevik

SAKNAR INFORMASJON: Rådmann Per Kristian Storevik (t.v.) og ordførar Sven Flo i Stryn har bede om å få vite meir om planane om asylmottak.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Også i Stryn kjem det brått på kommuneleiinga. Einaste informasjonen til no er eit brev datert 22. september. Rådmann Per Kristian Storevik sende same dagen ein epost og bad om meir informasjon:

«Frå kommunens side kjenner vi ikkje til kva planar De måtte ha for
etablering av eit mottak i Stryn kommune, og vi er sjølvsagt interesserte i meir informasjon om dette så raskt som råd, herunder lokalisering, drift m.v. av eit mottak.»

Jon Anders Martinussen i Norsk Mottaksdrift seier at det skal kommunen få.

– Vi har i tråd med retningslinjene i anbodet sendt eit informasjonsskriv, og så vil det vere naturleg at vi held kontakt og kjem med ytterlegare informasjon vidare i prosessen.