NRK Meny
Normal

Her blir måseungen berga medan foreldra går berserk

FØRDE (NRK): Ein måseunge på rømmen frå foreldra, skapte så mykje rabalder for innbyggjarane i Prestebøen at brannmannskap måtte tilkallast.

Brannbefalet i Førde hadde ikkje vore med på denne redningsaksjonen før.

KLARE FOR KAMP: Måsane i Prestebøen blir forhåpentlegvis rolegare når "barnet" er flytta til elva og vekk frå folk. Foto/redigering: Tone Lin Støfring Skovro

– Vi fekk telefon frå folk i området som klaga på at dei ikkje kunne gå ut av husa sine, fordi måsane var heilt galne og laga mykje bråk, fortel vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ein måseunge har truleg ramla ned frå taket og spankulerte rundt på ein parkeringsplass på eiga hand. For dei som prøvde komme seg ut av husa og til bilane, oppførte måseforeldra (og kanskje resten av slekta?) seg truande. Dei stupte ned mot folk, og skreik og bar seg.

Godt rusta for oppdraget

Så for å få ro og tryggleik i nabolaget rundt Prestebøen i Førde, vart Jan Svoen ved Førde brannvesen sendt til redning. Og han var godt rusta for oppdraget.

– Eg hadde på meg hjelm, hanskar og kjeledress. Måsane skeit på dressen og dei var berre centimeter frå hovudet mitt, fortel Svoen.

Han fekk tak i den fortumla måseungen og bar den til eit friområde nær elva "Jølstra", medan dei andre måsane skreik og stupte mot han. No håpar redningsmannen at det blir ro att i bustadområdet.

Rusta med paraply

GODT BESKYTTA: I Prestebøen har folk rusta seg med paraply mot angrepssugne måsar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Eit sjeldan oppdrag

– Eg var på taket for å sjå etter fleire ungar for å få flytta dei og, men eg fann ikkje nokon andre ungar.

Han seier det ikkje er ofte brannvesenet i Førde er ute på oppdrag for å flytte fugleungar. Men han har vore med på andre oppdrag med faste fuglar.

– Det er meir ugler og andre fuglar som har sett seg fast i pipa eller slikt. Det er vi oftare med på, seier Svoen.

Det er stort sett politiet som blir tilkalla ved ordensuro. Men denne gongen var det brannvesenet som nok var beste lut mot problemet.

– På sentralen var dei veldig fornøgde når eg melde tilbake om at oppdraget var utført.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.