NRK Meny

Pistolkuler kom frå øvingsskyting

Øvingsskyting er forklaringa på at eit ektepar i Bremanger 10. mai plutseleg sat i eit kuleregn på fjorden utanfor bygda Endal. Lensmann Hans Rune Strandos seier til Fjordenes Tidende at dei ser på øvingsskytinga som uforsvarleg omgang med skytevåpen. Det blir oppretta sak på forholdet. Til alt hell kom ingen personar til skade.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen