Hopp til innhold

Pissa på dør - skalla til politiet

Ein uregjerleg mann urinerte på døra til ein utstad, og gjekk deretter til åtak på politiet.

Ein mann i 30-åra vart teken i arrest i Måløy, laurdag kveld, etter å ha skalla til ein politimann.

Mannen frå Vågsøy, var utestengd frå ein utestad i sentrum, og lagde bråk over det. Politiet åtvara mannen om å roe ned.

Han svarte med å urinere på inngangsdøra til utestaden. Då politiet greip inn, skalla han til den eine betjenten.

Betjenten skal ikkje ha blitt skada, men politiet ser alvorleg på dette, og seier mannen kan forvente seg ei hard straff.