Hopp til innhold

Piratpartiet vil ha folkerøysting om Sogndalspakken

Piratpartiet ynskjer at folket skal få seie si meining om korleis vegen best mogleg kan slusast utanom Sogndal sentrum. No har dei teke initiativ til folkerøysting.

PowerPoint-presentasjon

FRAMTIDA: Korleis skal trafikken gå gjennom Sogndal sentrum i framtida? Den planlagde Sogndalspakken skal legge betre til rette for mjuke trafikantar, men Piratpartiet er kritiske til at politikarane allereie ser ut til å ha bestemt seg for at trafikken skal leggast under sentrum og ikkje i tunnell utanom.

Foto: Illustrasjon av gang- og sykkelveg / Sogndal kommune

– Det må vere opp til folk som bur her å seie kva dei vil ha når det er snakk om så store inngrep, seier fylkesleiar i Piratpartiet og sogndøl, Øyvind Nondal.

Før jul skal politikarane i Sogndal bestemme seg for kva som skal skje med den såkalla Sogndalspakken. Pakken inneheld seks enkeltståande prosjekt, der eitt av dei mellom anna tek føre seg korleis ein skal fjerne biltrafikken frå store delar av Gravensteinsgata som går gjennom Sogndal sentrum.

Øyvind Nondal, leiar i Piratpartiet Sogn og Fjordane

ENGASJEMENT: Folket må få avgjere kvar trafikken skal gå i Sogndal, meiner fylkesleiar i Piratpartiet, Øyvind Nondal.

Foto: privat

I pakken er det føreslått å bygge eit miljølok til 350 millionar kroner i den trafikkerte sentrumsgata, som vil få trafikken under jorda. Eit folkemøte om planane tidlegare i november synte at folk var lunkne til planane.

Føreslår alternativ løysing

– Vi har lyst å få til ei folkerøysting om pakken og kva alternativ ein skal ha. No verkar det som det er bestemt på førehand at det skal vere eit miljølok i Gravenstiensgata, men vi vil ha eit alternativ, seier Nondal.

Alternativet han meiner bør kome på bordet er ei løysing som vart lagt fram i samband med bygginga av Fjærlandsvegen på 90-talet. Då vil trafikken bli lagt i tunnel frå Kvåle til Kløvhola, ikkje langt frå Loftesnesbrua.

No har Nondal og Piratpartiet lagt ut ei underskriftskampanje, som dei håpar vil føre til at politikarane gjennomfører ei folkerøysting med fleire alternative løysingar på trafikkutfordringane i sentrum. Dersom 300 personar skriv under må kommunestyret ta stilling til initiativet. Lista må vere klar innan november, og Nondal trur det skal gå greitt.

– Det er stort engasjement om saka, og mange vil heller ha den alternative løysinga. I løpet av ein halvtime skaffa eg 50 underskrifter, så dette har eg trua på, seier Nondal.