Piratpartiet "knabba" bilete

Då partiet som kjempar for fri fildeling sende ut pressemelding om skipinga av partilag i Sogn og Fjordane, la dei ved «offisielle bilete» som på sett og vis var i tråd med partiideologien. Bileta tilhøyde nemleg ikkje dei.

Skjermdump av NRK Sogn og Fjrodane si sak om Piratpartiet

ULOVLEG BILETE: NRK Sogn og Fjordane var blant dei som brukte biletet i god tru. Biletet er no fjerna og skjermdumpen er publisert etter avtale med fotografen.

- Eg lo godt då eg oppdaga det gjennom Google sitt billedsøk. Dei heiter vel ikkje Piratpartiet for ingenting, seier seier fotojournalist i Aller Media, Per Ervland.
Biletet, som i pressemeldinga var merka som «offisielt bilete» er Aller Media sin eigedom. Ervland tok det for nettstaden digi.no.

- Dei har også brukt det i markandsføring av t-skjorter tidlegare, seier Ervland.

For fri fildeling

Piratpartiet kallar seg eit digitalt-teknologisk parti, og gratis deling av ikkje-kommersielle datafiler er at av kjernesakene. Ervland kan imidlertid forsikre om at fila dei delte gjennom pressemeldinga dei sendte ut til media i Sogn og Fjordane i går kveld i høgste grad er kommersiell.

- Neppe ideologi

- Det blir litt ekstra humoristisk når det er Piratpartiet som gjer dette. Men eg trur ikkje dette hadde noko med ideologi å gjere. Dei har nok gjort ein glipp nett som mange andre gjer. Spesielt bloggar har det med å forsyne seg av bilete dei ikkje eig frå nettet, og det skuldast som regel manglande kunnskap, seier Ervland, som pleier å følgje opp nettstader og andre som brukar bileta hans utan løyve.

- Mange manglar kunnskap

Han kan skrive under på at Piratpartiet er i godt selskap.

- Nyleg forsynte ein moteblogg seg med heile 36 bilete eg hadde teke. Då eg tok kontakt med dei var heile nettstaden nede fem minuttar seinare, ler Ervland.

Ervland fortel at redaksjonen har hatt kontakt med Piratpartiet, og at dei skal ha lova å slutte å bruke biletet.

- Det var nok ein glipp

Styreleiar for Piratpartiet i Sogn og Fjordane, Øyvind Nondal, avviser at det låg ideologi bak bruken av biletet.

- Det var nok ein glipp. Vi har ein del bilder som ligg i forskjellige nettskyer som Google Drive, Kim Dotcom's Mega og sjølvsagt ein del på Facebook. Her er det fleire som har tilgang til å laste opp filer, så eg rekna med det var nokon internt i partiet som hadde teke desse og lagt der. Men det var det tydelegvis ikkje, seier Nondal.