Hopp til innhold

Pipebrann i bustadhus i Naustdal

Brannvesenet rykka i 19.15-tida ut etter melding om pipebrann i eit bustadhus i Naustdal. Ingen personar kom til skade i brannen.

Ein forbipasserande såg det stod høge flammar ut av det tre etasjes høge huset. Brannvesenet har no teke vekk mykje sot som var i pipa. Ein av brannfolka meinte det kanskje var lenge sidan pipa hadde vore feia fordi det var frykteleg mykje sot som hadde samla seg opp.

Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke

Brannvesenet fekk rundt klokka 19.10 melding om pipebrann i eit bustadhus sentralt i Naustdal.

Det vart sendt mannskap frå Naustdal og befal frå Førde, opplyser Alarmsentralen.

Det skal ha vore forbipasserande som melde frå om at det kom kraftig røyk frå pipa.

Allereie klokka 19.34 hadde mannskapet fått kontroll på brannen og kunne feie pipa rein.

Ved pipebrann rådar Alarmsentralen til å dusje forsiktig med vatn på eldstaden, eller i feieluka.

Pipebrann

PIPEBRANN: Brannvesenet rykte måndag kveld ut til ein pipebrann i Naustdal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK