NRK Meny
Normal

Pipa har fått ein annan lyd

Lærdalsordførar Arne Sanden går no ut og manar heile fylket til samarbeid i sjukehus-striden. Sanden har lenge fronta kampen for Lærdal sjukehus.

Arne Sanden

Arne Sanden, ordførar i Lærdal, har eit nytt syn på sjukehusstriden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Han har mellom anna kome med kraftig kritikk av dei 12 ordførarkollegaene som nyleg signerte støtteerklæring til Sentralsjukehuset framfor lokalsjukehusa.

Men no har pipa fått ein heilt annan lyd.

– Dei store viktige tinga i dette fylket får vi til når vi samarbeider.

Løysingsorientert

Og så ramsar Sanden opp vegsamband, operahus, campus, museumsbygg med meir.

- Dei tinga kjem på plass som eit resultat av at vi samarbeider og samhandlar. Eg trur at det er løysinga for sjukehussektoren. Og difor vil eg mane mine gode kollegaer i Sunnfjord og Nordfjord til eit samarbeid om å finne løysingar. Vi må vere løysingsorientert.

Han peikar på den økonomisk utfordringa som helse Førde står ovanfor med minst 100 millionar i manko.

- Dei kan vi ikkje stikke under ein stol, og vi må ta det på alvor. Skal vi få ei løysing på dette må vi bidra frå alle kantar. Vi må vere villige til å sjå på helsetenestene våre med nye auge, der vi også får med oss fylkeskommunen og Helse Førde i eit samarbeid.

Overraskande

For ein som har høyrt Arne Sanden som høglytt krigar for Lærdal sjukehus i lange tider er dagens bodskap svært overraskande.

- Eg har vore på ferie. Og som ein god kollega sa til meg; Eg trur sola har gjort deg godt Arne.

Vegopning på Bergum i Førde kommune