Hopp til innhold

Piotr kan bli bytta med to

Det skal vere ein bytteavtale på gang der Piotr Leciejewski går til Brann mot at Sogndal får to spelarar.

Piotr Leciejewski

KAN KOME TIL BRANN: Piotr Leciejewski kan reise til Brann i bytte med Udjus.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det kan gå mot eit keeperbytte mellom fotballklubbane Brann og Sogndal. Sogndal sin Piotr Leciejewski kan gå til Brann i bytte mot reservekeeper Kenneth Udjus i Brann.

Får Piotr, må gje frå seg to

Kenneth Udjus

KAN KOME TIL SOGNDAL: Reservekeeper Kenneth Udjus i Brann skal i dialog med Sogndal.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Men Sogndal let ikkje Leciejewski gå utan ein å kome godt ut av det. For med i avtalen skal det også Cato Hansen vere. Leciejewski vert altså byta med to spelarar, skriv ba.no i dag.

På fredag hadde Udjus møte med leiinga i Brann om framtida si. Og ifølgje avisa fekk keeperen klar beskjed.

Brann satsar på Oppdal

Dei kjem til å satse på førstekeeper Håkon Oppdal også neste sesong.

Udjus seier han no skal i dialog med Sogndal.

-Ja, det er ikkje akkurat nokon vits i å bli her for å sitje på benken, seier Udjus.

Brann satsar på Oppdal

- Det verkar veldig interessant for meg, seier keeperen.

Og Brann ser på ein eventuell overgang for Udjus med positive auge.

Om han kjem til ei semje med Sogndal vil det truleg ikkje vere snakk om ein overgangssum.