Hopp til innhold

Pinsevêret blir ikkje mykje å skryte over

Du treng ikkje satse pengar på alt for godt vêr i pinsehelga.

Regn Førde

MEST SLIK: Ser ein vekk frå laurdag ettermiddag, så blir det ei hovudsakleg våt og grå pinsehelg.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen/NRK

– Varierande, er statsmeteorolog Gunnar Livik si kort skildring av vêret dei neste dagane.

For det låge skydekke, med noko vått tilbehøyr, ser ut til å gi ein fuktig og grå start på høgtidshelga. Først ut på ettermiddagen laurdag, er det håp om betring.

– Då er det håp om at skydekket sprekk noko opp, og vi får opphaldsvêr og kanskje eit glimt av sola. Det blir også høgare temperaturar, mellom 16 og 19 grader, seier Livik og legg til at temperaturen blir noko lågare på kysten.

– Der vil vinden dreie på nordleg bris, så temperaturane der blir nok 11–13 grader, seier han.

Men 1. pinsedag blir det igjen både grått og vått.

– Det kjem eit nytt system natt til søndag som gir regn og regnbyer. Det blir for det meste skyer og regn, seier statsmeteorologen.

Denne vêrtypen vil også prege måndagen.