Hopp til innhold

Ordførarar må stille opp på spontane utfordringar av alle slag - kvar går grensa?

Jenny Følling er klar på kva den verste utfordringa ho kan få: – Ber nokon meg synge solo, så seier eg nei! Følling meiner politikarar må ha lov til å seie nei til utfordringar dei får utan å vere budde på dei.

Jenny Følling, Anders Ryssdal, Bengt Solheim-Olsen og Olve Grotle

KVAR GÅR GRENSA? Ordførarane synest det er vanskeleg å seie nei til utfordringar dei må ta spontant. Dei stiller opp på dans, blokkfløytespel, fotballkampar. Men må dei?

Foto: Montasje

Debatten etter at fleire ordførarar frå fylket dansa til songen "The Fox" har gått livleg. Fleire ordførarar dansa dansen då dei deltok på eit seminar på Åmot Operagard. Seansen vart filma og publisert av Firda.

For journalist i NRK Beta, Eirik Solheim vart dette dråpen for det han kallar

Eirik Solheim/Skjermdump frå Youtube

KRITISK: NRK-journalist Eirik Solheim vil ha stunt der politikarar må stille opp på alt mogeleg til livs.

Foto: nrkbeta.no/Skjermdump frå Youtube

pinlegheitar offentlege personar må vere med på. Han skriv i bloggen sin at dette er ting han ikkje ønskjer eller vil sjå fordi det er pinleg. No vil han pinlegheita til livs.

LES OGSÅ: Si nei til pinlighetene!

Kan føle seg dum

Ein av dei som dansa til videoen var Ordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen. Han vedgår at han tidvis får utfordringar der han føler han er tvungen til å delta.

– Når ein kjem i visse settingar, er det ikkje lett å setje seg ned med armane i kors og seie at dette vil eg ikkje. Då tenkjer folk at ein er lite open for å vere med på det som er gøy. Men blir ein ropt opp midt i eit seminar, er det vanskeleg å seie nei. Brått står du der med ein blå ballong i handa for å symbolisere eit eller anna. Eg følte meg dum, seier han.

Bengt Solheim Olsen

IKKJE LETT Å SEIE NEI: Ordføraren i Florø har fått utfordringar han helst ville sagt nei til.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han understrekar i settinga på Operagarden var han kjent med det som skulle skje. Men oppdaga ikkje før halvvegs uti sangen at det heile blei filma.

– Då hadde eg to val, anten å halde fram som før eller ta det heilt ut, kneppe opp skjorta og la det stå til. Eg valde det første.

– Når det gjeld The Fox-videoen, er vi ikkje akkurat Chippendale-materale nokon av oss. Videoen er sjølvsagt pinleg, men det er sikkert fleire som har høyrt om Sunnfjord no. Vi får leve etter at alle PR er god PR. ler han.

Skal ikkje vere apekattar

Tidlegare ordførar i Gaular og fylkesvaraordførar Jenny Følling hugsar ikkje at ho har vore med på noko ho har opplevd som pinleg. Men ho får ofte utfordringar ho må ta. Men ho meiner at ein stad må grensa gå, sjølv for ein politikar.

Jenny Følling

NEKTAR Å SYNGE: Den som spør Jenny Følling om å synge solo får garantert NEI!

Foto: Alf Vidar Snæland

– Viss eg på strak arm vart utfordra til å synge! Der går grensa mi. Eg har tenkt gjennom det, og då ville eg faktisk ha sagt nei.

Ho minnast med skrekk programmet der Valgerd Svarstad Haugland måtte synge La det swinge i NRK-programmet "Klassefesten".

Ho meiner politikarar si oppgåve er å framføre politisk bodskap og ikkje vere apekattar eller sirkusartistar.

Politikar på trehjulssykkel

Førde-ordførar Olve Grotle kjende seg ikkje utanfor komfortsona då han også dansa til The Fox.

– I ettertid uttalte eg meg om at eg ikkje orka sjå videoen fordi det var pinleg,

Ordførar Olve Grotle i Førde

ORKAR IKKJE SJÅ SEG SJØLV: Ordføraren i Førde har enno ikkje sett videoen der han saman med fleire ordførarar dansar til 'The Fox'.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

men det var mest fordi eg ikkje likte å sjå meg sjølv.

Men også han forstår poenget i artikkelen på NRK Beta. Grotle har eit døme på noko han tykkjer er over streken.

– Eg hugsar eg såg forsvarsminister Anders C Sjåstad som måtte sykle på trehjulsykkel med hjelm. Det var pinleg å sjå på. For meg har det stått som eit godt døme på at vi har kome for langt, men eg vil framheve at det vi gjorde på Åmot operagard, ikkje er i den kategorien. Der var tanken at vi skulle røre litt på oss under seminaret.

Grotle tykkjer temaet er interessant. For kor langt skal ein politikar gå.

– Kva skal vi vere med på for ikkje å bli sett på som kjipe. På eit tidspunkt går det frå å vere komisk til latterleg. For meg handlar det også om grensa mellom å vere personleg og privat. Som politikar har eg krav på å vere privat, men av og til må eg vere personleg.

Kan ikkje vere for sjølvhøgtidlege

– Som ordførar er det ei grense for kva vi skal vere med på. Vi kan ikkje ta oss sjølv for høgtidleg. Det å utnytte det komiske talentet er greitt, men det må ikkje bli latterleg. Og det er ikkje greitt å vere den kjipe som ikkje vil bli med.

– Men det har med korleis vi skal bli oppfatta i rollen som ordførar. Den har ein seriøs del som ikkje må øydeleggast med fjas og tull.

Som ordførar i Førde dei to siste åra, har han ikkje kjent på dette som eit problem eller ei stor utfordring.

– Det har ikkje vore vanskeleg hittil, men eg trur alle politakrar av og til må kjenne må om dei nærmar seg ei grense.

Måtte spele blokkfløyte

Anders Ryssdal som er ordførar i Gloppen hugsar godt ein gong han verkeleg fekk ei utfordring som var utanfor det han vil kalle komfortsona.

Anders Ryssdal på Gjøa

MÅTTE SPELE BLOKKFLØYTE: Gloppenordføraren hugsar godt at han verkeleg måtte utfordre komfortsona då han måtte spele blokkfløyte framfor eit folkehav på ei skuleopning.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var under opninga av skulehuset på Reed fekk plutseleg ei utfordring om å spele "Lisa gjekk til skolen" på ei gammal treblokkfløyte! Det var ca 25 år sidan eg hadde tatt i ei blokkfløyte. Det gjekk bra etter at eg hadde funne tonen, men du kan seie det slik at det traff ikkje i komfortsona akkurat.

Han meiner også at politikarar ikkje skal vere med på absolutt alt dei blir utfordra på. Han hugsar utfordringar ordførarar har fått med å spele fotballkamp mot eit anna lag.

– Men sånn som å stille opp i ein eller annan konkurranse på ein 4H-fest mot ein ungdom det tykkjer eg i grunn er berre kjekt.

– Vi skal ikkje nå opp i underhaldningskonkurransar. Men vi skal stille opp på det som kan profilere kommunen, og først og fremst drive med politikk.