Hopp til innhold

Denne kraftlinja blir nesten usynleg frå lufta - no krev pilotane strengare krav til merking

Alle luftfartshinder må registrerast på digitale kart. Det er kravet frå pilotane i Norsk Luftambulanse som fryktar fleire ulukker.

Alle luftfartshinder må registrerast på digitale kart. Det er kravet frå pilotane i Norsk luftambulanse som fryktar fleire ulukker.

KREV BETRE MERKING: Norsk Luftambulanse vil ha betre merking av luftfartshinder. FOTO: Stubhaug/Skafjeld/Barø.

Svært mange kraftlinjer, master og andre hindringar i lufta er i dag ikkje merka av på karta som mellom anna luftambulansane flyg etter.

Dette utgjer ein stor risiko meiner pilotane, som ber om at dagens praksis blir endra.

– Når vi flyg i mørke og i dårleg vêr er dette hindringar for oss, og dei vil vi få inn i kart, seier Bent Næss som er basesjeflygar i Norsk Luftambulanse i Førde.

– Slik kan vi navigere oss trygt forbi

NRK får vere med på ein liten rundtur i området rundt Førde. Med base ved sentralsjukehuset flyg pilotane i luftambulansen i dette området kvar einaste dag på veg til oppdrag for å redde liv.

Men farane er mange, og mange kraftlinjer står ikkje på kartet dei brukar i dag.

– Det å få alt registrert digitalt, slik at vi kan vite når hindera kjem og navigere oss forbi dei på ein trygg måte, det er alfa omega for oss, seier Næss.

Vil at alle hinder skal registrerast

Når krava til Nasjonalt register for luftfartshinder, som er karta pilotar flyg etter, no skal evaluerast, krev Norsk Luftambulanse at alle hinder blir registrert.

I dag er kravet 30 meters høgde i tettbygd strøk, og 15 i utmark. Store delar av ei kraftlinje vil dermed ikkje stå på kartet.

– Det å få alle hindringar, uavhengig av høgde, gjerne heilt ned til rotorhøgde, inn i ein database er viktig for oss. Slik kan vi operere på ein trygg måte.

Seinast i januar kom den tragiske påminninga om kor gale det kan gå. Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse styrta på Sollihøgda i Buskerud og to personar omkom.

Får nei hos Luftfartstilsynet

Kraftleidninga på Sollihøgda stod på kartet, men dei fleste ulukkene sidan 1991 har skjedd i møte med umerkte hinder.

Men Luftfartstilsynet avviser Norsk Luftambulanse sitt krav.

– Når det gjeld dette med merkeplikt for alle luftfartshinder, også dei under 15 meter, så vurderer vi at det er veldig vanskeleg å få til praktisk. Dermed vil vi få ei stor underrapportering, og det i seg sjølv er ein risiko meiner vi, seier Wenche Olsen som er avdelingsdirektør i Luftfartstilsynet.

Men ja hos kartverket

Statens kartverk lagar karta. Dei meiner derimot at det vil la seg gjere å merke meir.

– Det er fullt mogleg å merke dette i kart, men det må til ein ganske krevjande innsats frå både dei som eig slike konstruksjonar og for oss i kartverket. Dette fordi vi må registrere inn mykje lågare og mange fleire installasjonar, seier Knut Arne Gjertsen som er assisterande kartverkssjef.