MMS-foto: Arne Eithun
Foreldra i det tettbygde bustadfeltet nektar å tru at kommunen kan godta eit slikt gjerde. Oddbjørg Fjelltun og dei andre bebuarane i Gunnhildhagen i Sogndal trudde nesten ikkje det dei såg laurdag morgon. Oppå det frå før omlag eitt meter høge tregjerdet var det kome 40 centimeter, eller fire lag med kraftige piggtrådar. Den store eigedomen som ligg midt i byggefeltet minnar nesten om eit beleira område.
Hindrar gjennomtrekk
Piggtrådarkitekten heiter Belinda Raunehaug. Ho innser at dei sylskarpe piggane kan provosere naboane, men så blir Raunehaug sjølv rimeleg provosert over at folk tek seg til rette på eigedomen som blir brukt til eldrebustader. No håpar ho å ha sett ein stoppar for gjennomtrekken. Både unge og vaksne hoppar over gjerdet og går over eigedomen, seier ho.
Vil ha andre løysingar
Foreldra i Gunnhildhagen har klaga til kommunen. Ikkje berre fordi dei synst den 50 meter lange piggtrådgjeringa er stygg å sjå på, men også fordi den kan skade både ungar og dyr i området. Naboane ser problemet med at festlystne ungdomar går over eigedomen om natta og forstyrrar. Men dei er ikkje lystne på å ha eit piggtrådgjerde i nabolaget. Dei ser for seg andre løysingar som til dømes høgare gjerde.
Mellombels
Belinda Raunehaug kan verke streng nå, men ho avslører likevel at piggtråden skal vekk med tid og stunder. Det er ei mellombels løysing før det kjem eit skikkeleg gjerde, seier ho.
- Ikkje ulovleg
Sogndal kommune kan ikkje hindre folk i å sette opp piggtrådgjerder i bustadfelt. - Dette kan ikkje kommunen stoppe, seier leiar for kommunal teknikk, Arvid Valland. Kva kommunen skal gjere vidare med saka er usikkert. Valland meiner lovverket ikkje er eintydig på området.
- Det er vanskeleg å svare på, for dette er eit utradisjonelt tiltak. Men lova om grannegjerde seier at om eit gjerde skal byggjast, skal det ikkje vere farleg for folk eller husdyr. Og i dette tilfellet ser det ut til at det er gjort eit skikkeleg arbeid. Gjerdet er vel neppe til skade for nokon med mindre ein klatrar i det, og det skal ein ikkje gjere, seier han.