Hopp til innhold

Pigghåangrep førte til fiskerømming

I førre veke oppdaga Osland Havbruk at det hadde rømt regnbogeaure frå anlegget ved Måren i Sognefjorden.

Oppdrettmerdar ved Måren

REGNBOGEAURE RØMDE: Pigghå skapte problem i oppdrettsmerd i Måren

Foto: Osland Havbruk

– Vi oppdaga at det var komen ein pigghå inn i ei av merdane, og den måtte jo ha kome inn på ein eller annan måte, seier Geir Helge Østerbø som er samfunnskontakt i Osland Havbruk.

Ei nærare undersøking synte at det var gnege fleire hol i nota. Osland Havbruk melde frå om hendinga til Fiskeridirektoratet den 25. oktober, skriv nettstaden iLaks.no.

– Dykkaren som var nede såg at pigghåen rett og slett hadde gnege hol i nota. Dette er noko som skjer frå tid til anna, men no var det lenge sidan sist, seier Østerbø.

– Er det mykje pigghå rundt anlegget?

– Det må det vere, for det skjedde ganske fort. Då dykkaren var nede tetta han hola dei fann. Då vi leverte fisk litt seinare så oppdaga vi fleire hol, så no har yukkarane jobba i fleire dagar med å tetta hola, seier Østerbø.

Fisken som rømde har ei snittvekt på rundt 3,5 kilo. Kor mykje fisk som har nytta høve til å rømme gjennom hola som pigghåen lagar har ikkje Østerbø oversikt over.

– Vi har vel hatt ein gjenfangst på mellom 40 og 50 fisk. Ein fiskar som vi har avtale med hadde fått fire fiskar i ei garnlenke på 100 meter, så eg trur ikkje det er så mykje fisk det er snakk om, seier Østerbø

Selskapet har no sett i gang eit arbeidet med å byte ut nøtene som er skadde, slik at dei skal unngå fleire rømmingar.