Hopp til innhold

Petter (21) vil besøke så mange kommunar som mogleg: – Du kan kalle meg Kommunemannen

FØRDE (NRK): Petter Kampli (21) har eit spesielt mål. Han vil besøke så mange av kommunane i landet som mogleg før kommunesamanslåingane i 2020.

Kommunemannen Petter Kampli

SÅ MANGE SOM MOGLEG: Petter Kampli vil besøke så mange kommunar han kan før kommunereforma i 2020.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Du kan kalle meg for Kommunemannen.

Det seier Petter Kampli frå Levanger. No er han i Sunnfjord og Førde som ein del av målet om å besøke så mange kommunar som mogleg.

– Innan 2020, det er då det tragiske skjer, seier han.

Kampli er ikkje nokon tilhengar av kommunereforma.

– Eg likar dei små kommunane. Eg synest det er fascinerande korleis dei klarer seg, korleis miljøet der er og så vidare.

Kommunemannen Petter Kampli

SELFIE: Kampli tek alltid eit bilete av seg sjølv med kommuneskiltet når han besøker nye kommunar.

Foto: Privat

Til saman har Kampli besøkt 268 av dei 426 kommunane i landet. I fire fylke – Vest-Agder, Akershus, Hedmark og Østfold – har han besøkt alle kommunane. I tillegg har han vore innom alle kommunane i Vestfold, med eitt unntak:

– Eg rakk aldri å besøke Andebu kommune, dessverre. No har den blitt del av Sandefjord kommune saman med Stokke.

Kampli fortel at han alltid tek ein «selfie» med kommuneskiltet når han besøker ein ny kommune. Dette er det no fleire som har begynt å gjere.

– Det er fleire andre av venane mine både frå Levanger og folkehøgskulen som har begynt å gjere det same. Eg får ofte bilete frå dei på Snapchat når dei er på tur, fortel Kampli.

Vart tidleg interessert

Ifølgje Kampli starta interessa for å besøke ulike kommunar tidleg, mykje grunna at han har familie i små og store kommunar fleire stadar i landet.

– Det har gjort at eg har besøkt mange forskjellige kommunar i oppveksten, og mellom anna fått opplevd naturen der.

Det var først i 2015 at Kampli verkeleg gjekk inn for å besøke så mange kommunar som mogleg. No har han altså vore i over halvparten, men han er usikker på kor mange han kjem til å rekke før samanslåingane i 2020.

Kommunemannen Petter Kampli og fotograf Jostein Vedvik

I FØRDE: Kampli og Jostein Vedvik skal no besøke Sunnfjord.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det kjem litt an på kor mykje tid eg får til det. Fleire av dei kommunane eg ikkje har vore i ligg ganske spreidd rundt i landet, seier han.

Først skal han no besøke kommunane i Sunnfjord.

– Eg skal besøke så mange av dei som mogleg i morgon, før dei vert slått saman, seier han.

Med seg på turen i Sunnfjord har han Jostein Vedvik frå Førde. Han vart kjend med Kampli då dei gjekk på folkehøgskule. Vedvik har laga ein dokumentar om Kampli som vart nominert til to prisar på Sogndal filmfestival i år.

– Eg synest det er kjempekult. Særleg at han no får besøke Førde og dei andre kommunane i Sunnfjord før samanslåinga, seier Vedvik om kameraten si reise rundt i kommunane.

Sogndal filmfestival 2018

DOKUMENTAR: Kameraten Jostein Vedvik har laga ein dokumentar om reisa til Kampli.