Hopp til innhold

Lot seg lokke av Astrup-utstillinga

Petra Ernst-Gutierrez hadde aldri høyrt om Nikolai Astrup før ho i vinter såg utstillinga i London. Laurdag vitja ho Astruptunet.

Omvisning i Astruptunet

OMVISING: Solveig Berg Lofnes (t.v.) orienterte og viste følgje på seks personar rundt om i Astruptunet. Sjølv om tunet eigentleg er stengt.

Foto: Privat

– Forhåpentlegvis dei første av mange gjester i kjølvatnet av utstillinga i London. Men eg vart litt overraska over at det skjedde så fort, smiler avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Påskeferie på hytta

Det var likevel ikkje heilt ut av det blå at Petra Ernst-Gutierrez tok familien sin til Jølster. Ei norsk veninne inviterte på norsk påskefeiring på hytta i Sanddalen like ved heimen til Jølster-kunstnaren.

Utstillinga, som i byrjinga av februar opna ved Dulwich Picture Gallery i London, var likevel ein utløysande faktor for turen til Astruptunet.

– Ho tipsa om utstillinga, og vi tok turen sidan vi likevel skulle til Jølster. Det første som slo meg var berre «wow». Utstillinga var hypnotiserande. Eg kunne brukt mykje meir tid der, fortel Ernst-Gutierrez.

Ville i tunet

– Etter utstillinga ville vi sjå tunet og staden Astrup levde. Sjølv om det var stengt var Solveig så snill at ho tok oss med på omvising, legg ho til.

Britiske Astrup-turistar

UNIKT: Petra Ernst-Gutierrez vart mektig imponert av å få komme så tett på livet til Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup.

Foto: Solveig Berg Lofnes

I Jølster håpar ein at utstillinga i London vil lokke fleire turistar til Jølster. Berg Lofnes meiner ein tidlegast neste år ser ein slik effekt. Laurdag talde reisefølgjet seks personar.

– Det var litt fascinerande å sjå at sjølv om vi ikkje har ei stor og prangande utstilling, så var dei like begeistra som kuratorteamet for utstillinga då dei var her, seier Berg Lofnes.

Kjende att motiva

Sjølv om Jølster ikkje var like grønt og frodig som i Astrup-bileta, forsikrar Ernst-Gutierrez at ho kjende att atmosfæren frå bileta. Dei kjende også att motiv, som kjøkkenstova, frå bileta dei såg i England.

Kritikarane har stilt spørsmål ved om fargebruken til Astrup gir eit reelt inntrykk av Jølster. Ernst-Gutierrez trur det.

– Det var mørk himmel, men sola var der ein stad då vi kom. Eg opplever at han fanga essensen i landskapet. Fargane han valde er truleg uvanlege for mange, men det er først når du kjem til Jølster at du forstår at dei faktisk er representative, seier ho.

– Fantastisk

– Det var ei fantastisk oppleving. Kombinasjonen av å først sjå utstillinga, og så få gå i huset hans, sjå korleis han levde og kvar han drakk kaffien, var heilt spesielt og nytt for meg, held Ernst-Gutierrez fram.

I dag returnerer ho til London med gode minner frå Jølster.

– Eg har aldri før vore på eit museum der du kan stå midt i rommet, og det er ingenting som skil deg frå det kunstnaren opplevde. Møblane er ikkje sperra av eller ting plassert i monter, og det er ingen skilt som forbyr deg å ta på ting, avsluttar ho.