Hopp til innhold

Tullenprisar gjekk til Peter Aase og Guro Øydvin

Florø-spelaren Peter Aase og Kaupanger-spelar Guro Øydvin fekk laurdag Tullenprisen under Fotballkrinstinget.

Peter Aase
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Veldig motiverande å få ein slik pris. Store spelarar har fått denne prisen før, så det er gjevande dette, seier Peter Aase.

Ungguten spelar for Florø, men har signert for Sogndal. Utmerkinga kom brått på den unge fotballspelaren.

– Dette var ikkje venta, nei, seier Aase.

Tilbake til Sogndal etter sommaren

Han har kontrakt med Sogndal, men har spelt denne sesongen i 3. divisjonsklubben Florø.

– Det er lærerikt å spele 3. divisjon, seier Aase, som dreg tilbake til Sogndal etter sommaren.

Har spelt kvarandre gode

Tvillingbroren hans, Stefan, spelar no på Sogndal og tykte det var kjekt at broren fekk ei slik utmerking.

– Det var på tide han fekk noko. Han har jo vore god i heile år. Denne prisen er vel fortent, seier tvillingbror Stefan Aase, som i fjor var Firda-stjerna.

– Kva er det som gjer dykk så gode?

– Vi har alltid trent godt og hatt godt konkurranseinstinkt. Eg trur vi har trent kvarandre gode, seier Stefan Aase.

Tullenprisen jenter gjekk til Guro Øydvin, Kaupanger IL. Ho var ikkje til stades under utdelinga.

Tullenprisen er rentene av eit fond som Rolf Seljeseth frå Florø oppretta. Prisen vert delt ut dei åra det er verdige kandidatar. Prisen kan delast ut til den gut eller jente som har utmerkt seg på krinslaget i inneverande sesong.

Prisen vert delt ut etter følgjande kriterium:

  • gode haldningar til idretten
  • positiv framferd
  • treningsiver
  • sportsleg dugleik

Resten av prisane vart delte ut slik:

  • Årets Firda-stjerne: Torbjørn Aabrekk, Eid IL. Scora 20 mål i årets 4. div. Alle var spelemål
    Firdastjerna

    Torbjørn Aabrekk vart årets Firdastjerne.

    Foto: Vidar Gudvangen / NRK
  • Årets unge dommar: Vebjørn Nord Haugland, Eid IL. Ass. dommar i 2. div i år. Blir hovuddommar i 4. div. neste år.
    Årets unge dommar

    Vebjørn Nord Haugland vart årets unge dommar.

    Foto: Vidar Gudvangen / NRK
  • Årets dommar: Adeccoliga-dommar: Joakim Knapstad, Eikefjord IL
    Årets dommar

    Joakim Knapstad vart årets dommar

    Foto: Vidar Gudvangen / NRK
  • Jotun IL heidra som beste klubb på utdanning.
  • Selje IL heidra for sitt arbeid med dommarrekruttering.
  • Eid IL heidra som beste arrangørklubb av Tine fotballskule.