Hopp til innhold

Peter (25) lever ut draumen i USA

For Peter Førde handlar det om alt eller ingenting. Difor sette han seg i 2010 på flyet over «dammen» for å leve ut draumen om å bli skodespelar i USA.

Peter Førde i kortfilmen Lincoln Division

SKODESPELAR: Peter Førde har fått prøve seg som både statist og skodespelar i USA. Her er han i kortfilmen Lincoln Division.

Foto: Lincoln Division

– Eit drøymer om å jobbe med dei beste, og vil ikkje bli gamal som ein skodespelar som berre sit i eit hjørne. Eg vil setje mitt preg på filmbransjen, seier 25-åringen frå Førde.

Satsa alt og sette seg på flyet

Frå han var ungdom har han hatt ein stor draum. For tre og eit halvt år sidan bestemte han seg for å hoppe i det. Med pågangsmot og vilje i bagasjen reiste han frå familie og vener på Vestlandet med stø kurs mot New York.

Draumen var å bli skodespelar i moglegheitenes land.

– Dette er ikkje ein draum eg har vakse frå, den har i staden berre vakse. Så eg tenkte, kvifor ikkje berre satse for fullt? Eg er litt sånn alt eller ingenting.

I 2010 flytta han dermed til New York og studerte i to og eit halvt år på The Lee Strasberg Theatre & Film Institute. Sidan fekk han arbeidsløyve og har gått på audition og jobbar som no skodespelar.

– Det finst ingen vanleg dag

Den unge mannen er heilt nedpå når han fortel om livet i storbyen på austkysten av USA. For sjølv om mange kanskje ville tru at auditions og skodespel er ganske så glamorøst, seier Førde at kvardagen er noko heilt anna.

– Ein vanleg dag? Det varier veldig. Er eg med på eit prosjekt, er det tidleg opp og kome seg på settet, og der blir det lange dagar med arbeid.

– Når eg ikkje er med på noko spesielt prosjekt, prøver eg å få mest mogleg ut av dagen. Eg går på audition, møter vener og prøver planlegge kva eg kan gjere for å kome meg vidare.

Det blir ofte mykje jobbing for ingenting, og etter timar med venting kan sjølv den mest tolmodige sjel måtte gå nokre rundar med seg sjølv.

– Det er «glam» det

For ei tid tilbake fekk han vere med som statist i den populære serien «Orange is the new black». Og sjølv om Førde sjølvsagt sette pris på rolla, vart det ei litt spesiell oppleving.

– Det var mykje snø og slaps den dagen, og eg måtte opp klokka 05 for å sette meg inn i ein stappfull buss med ein drøss andre statistar. Vi vart køyrt ut av byen og vart sitjande og vente stort sett heile dagen.

– Til slutt vart vi sett inn i det som var ein rettssal. Kamera sveipa over oss ein gong, og dei gjorde den vesle scena på ti sekund som dei skulle ha. Så vart vi dytta inn att i bussen og køyrde heim, med ein sjekk i handa som svarar til 400 norske kroner…

– Det er glam det, seier han ironisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peter Førde

VIL SNART TILBAKE: Peter Førde er nett no heime i Førde. Der ventar han på artistvisum og er utolmodig på å kome seg tilbake til statane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vil ikkje bli yrkesstatist

Men trass ein lang dag med mykje venting; Opplevinga fekk også Førde til å innsjå noko.

– Eg møtte yrkesstatistar som er kanskje 40–50 år. Dei jobbar som statistar fleire gonger i veka og lever av det. Det som er skremmande er å tenkje på at dei for nokre år sidan kanskje var ambisiøse skodespelarar dei også… Og no har dei etter kvart blitt yrkesstatistar, seier Førde og ristar på hovudet.

Den vegen har ikkje han tenkt å gå.

– Etter at eg har vore statist nokre gonger skjønte eg at eg har potensial til på jobbe hardare. For eg har ikkje lyst å bli yrkesstatist, understrekar han.

– Eg trur dei ser eg vil mykje

Men vegen mot ei Hollywood-rolle er på ingen måte rett fram. Filmbransjen er knallhard, og Førde har allereie fått mange nei. At det blir drøssevis med «nei» også framover er han budd på. Og han har lært seg å takle det, iallfall for det meste.

– Det er noko ein må lære seg. Det kan vere tungt av og til, men du må berre køyre på og prøve ha det moro, seier han.

Førde seier han kjenner seg heldig som har fått gjort ein del roller. Noko god forklaring på kva det er med han som har falle i smak synest han det er vanskeleg å svare på.

– Men eg trur folk ser at eg vil mykje. Eg er engasjert og vil vere der. Eg har visst heile livet mitt at det er dette eg vil drive med.

– I tillegg har eg fått ein del jobbar og fått gode skottsmål derfrå, seier han.

Ventar på artistvisum

Nett no er 25-åringen heime i Førde. Han er i ferd med å søkje om artistvisum, noko som er ein langdryg prosess, fortel Førde.

– Eg har snakka med advokatane mine og dei seier det i verste fall kan ta tre månader før det er på plass.

Medan han er i Førde brukar han mesteparten av tida på å arbeide. Med eit lån som skal nedbetalast og sparsamt med inntekter frå skodespelarrollene i USA, gjer det godt med litt ekstra mynt i kassa.

– Eg lever den ultimate draumen

Sjølv om livet hans enn så lenge ikkje er så luksuriøst og glamorøst, er Førde stolt av at han torde hoppe i det.

Og han har ikkje tenkt å gje seg.

– Eg lever jo den ultimate draumen no. Det er det eg gjer. Dette er ein del av den draumen og eg prøver nyte livet litt slik som det er.

– Eg har ikkje fått noko stor Hollywood-rolle enno, men eg skal halde fram, seier han optimistisk.