Personleg rekord for Vedvik.

Marius Vedvik sprang 5000 meteren på 13.51.72 under eit stemne i Belgia seint laurdag kveld, melder Firda. Det heldt til ny personleg rekord med over 3 sekund, men var ikkje nok til å klare korkje a-kravet (13.40) eller b-kravet (13.50) til EM i Sveits. Likevel vert Vedvik å sjå på 10.000-meteren i EM, etter at han klarte a-kravet i juni.