Hopp til innhold

Personen i fjæresteinane har meldt seg

Personen som låg nede fjæresteinane har no meldt seg. Det var ein fotograf som var ute og gjorde sitt ytste for å fange bilete.

Person på svaberg ved Brendøya i Flora

TILFELDIG BILDE: Politiet har funne ut kven fotografen i fjæresteinane er.

Foto: Politiet

NRK fortalde i dag tidleg om ei kvinne som hadde teke eit bilete og oppdaga ein mann som låg merkeleg nede ved vatnet. Politiet sette då i gang ein leiteaksjon.

Saka er no oppklara, då personen på biletet sjølv har meldt seg.

– Ein mann har ringt og sagt at det var han som låg i fjæresteinane og tok bilete. Han skulle ta bilete av bølgeskvulp og fuglar. Han er i beste velgåande og saka er rekna som oppklart, seier Wenke Hope, tenestestadsleiar for politiet i Flora.

Det blir ikkje noko etterspel av dette.

– Nei, nei, på ingen måte. Vi er berre veldig glade for at folk melder frå når dei observerer slik, og om dei er usikre så får vi sjekka det ut, seier ho.

Ynskte kontakt med mannen

Personen vart tilfeldig oppdaga av ei kvinne som tok bilete av seg sjølv ved Brendøya, like aust for Florø sentrum.

Biletet vart teke klokka 13.30.

– Vi ynskjer å finne ut om det kan ha skjedd noko med denne personen og hadde to patruljar og Røde Kors ute på søk i går kveld utan at dei gjorde noko funn, fortalde operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Ingen var meldt sakna

Kvinna sende biletet til politiet like over klokka 21 då ho vart merksam på personen på svaberget. Ho la ikkje merke til personen då biletet vart teke.

Biletet vart teke kort tid etter at politiet fekk melding om ein bil som køyrde i sjøen kring 11 kilometer unna.

– Personen ligg på ein så merkeleg måte at vi ynskjer å finne ut kva dette er. Når det er sagt, så er det ikkje meldt om sakna personar i området, sa Kolltveit då.

Søket som starta i går, både på sjøen og til land, vart avslutta klokka 00.20.

Også observert fotograf

Kvinna som tok biletet sa at det også vart observert ein fotograf ståande i same området. Både denne og personen på biletet kan ha vore der saman.

Når det no er ein fotograf som har meldt seg så er det sannsynleg at dette er ein og same person.