Personbil utfor vegen

Ein person er skadd etter at ein bil har køyrt av vegen ved Fauske på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll. – Det er ein bil og ein person involvert. Det er ingen trafikale problem på staden, opplyste operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i politiet i 10-tida. Førar sat ein periode fastklemt, men er frigjort. Han var medviten og oppegåande, men hadde smerter i brystet.