NRK Meny
Normal

Personbil køyrde i lastebil

Ein person skal vere skadd etter at ein personbil køyrde inn i ein lastebil inne i Oppljostunnelen på riksveg 15 på Strynefjellet.

Køyrde i lastebil

SMELL: Personbilen køyrde i lastebilen i austsida av Oppljostunnelen.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har førebels svært lite informasjon. Personbilen skal ha køyrt inn i lastebilen bakfrå, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Totalt skal det vere tre personar involvert i ulykka.

Ulykka har skjedd like over fylkesgrensa til Oppland. Ambulanse vart sendt til staden frå Stryn, medan politiet vart sendt frå Gudbrandsdal politidistrikt.

Lastebilen som vart påkøyrd

MINDRE SKADAR: Lastebilen fekk få skadar i samanstøyten.

Foto: NRK-tipsar

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast