Hopp til innhold

To personar og ein hund måtte få hjelp frå redningshelikoper

To personar og ein hund har gått seg fast i fjellet i området ved Vetlefjordbreen i Balestrand. Hovuredningssentralen har fått alle om bord i Sea King-helikopteret.

Vetlefjordbreen

Politiet melder at personane ikkje er skadd, men at dei ikkje kom seg ned frå fjellet ved eiga hjelp.

– Personane vil bli henta ned med Sea King, sa vakthavande ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben klokka 09.50.

Ressursar vart varsla og klokka 10.54 melde politiet om at personane er komne om bord i Sea King-helikopteret, som skal frakte dei ned frå fjellet.

Sat fast på 1444 m.o.h.

Politiet fekk melding om personane klokka 08.40. Men det har vore vanskeleg å kommunisere.

– Det er svært dårleg dekning i området, så kontakta må gå over tekstmelding, sa Domben tidlegare i dag.

Området personane sat fast i er ved Vetlefjordbreen i Balestrand, 1444 meter over havet.