Hopp til innhold

Kvinne (60) moderat skadd etter frontkollisjon

Ei 60 år gamal kvinne sat fastklemd og er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke på riksveg 5 ved Dalevatnet i Sogndalsdalen.

Kvinne moderat skadd i frontkollisjon i Sogndalsdalen.

SJÅ VIDEO: Naudetatane rykte ut etter melding om frontkollisjon på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. (Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK. Redigering: Steinar Lote/NRK).

Ulykke Sogndalsdalen

ULUKKE: To bilar kolliderte halvanna mil frå Sogndal sentrum.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

To bilar kolliderte om lag halvanna mil frå Sogndal sentrum like før klokka 14. To ambulansar, politi og brannvesen rykka ut til ulukka. Det var ei kvinne i kvar av bilane.

AMK opplyser klokka 1730 at den 60 år gamle kvinna er moderat skadd og blir overflytta til vanleg avdeling.

– Den eine bilen har kome over i motgåande køyrefelt. Førarkortet er kverrsett på kvinna som førde bilen, opplyser politiet. Det skal ikkje vere mistanke om rus.

Trafikkulukke i Sogndalsdalen

SKADD: Ein person blei skadd då dei to bilane kolliderte på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

NRK-Reporter Asgeir Reksnes er på staden og seier det er fine forhold og tørr vegbane. Riksveg 5 er no opna med manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

Saka blir etterforska ved Sogndal lensmannskontor.

Sogndalsdalen

ULUKKE: Kart over ulukkesstaden