Hopp til innhold

Person med harepest døydde – fleire smitta i same kommune

Fire personar frå Aurland kommune blei smitta av harepest på kort tid. Ein av dei fire døydde, og ei medverkande årsak til dødsfallet var sjukdomen.

Harepest

HARE MED HAREPEST: Dette er ein av to harar som døydde av harepest i eit populært jakt- og turområde i Aurland.

Foto: Knut Fredrik Øi

– Personen døydde ikkje berre av harepest. Dette er ikkje ein dødeleg sjukdom for friske personar, men har ein andre sjukdomar i tillegg, så kan ein døy, seier kommuneoverlege i Aurland, Trygve Ness.

Harepest, eller tularemi, er sjukdom som vert smitta frå dyr til menneske. Normalt friske menneske døyr ikkje av harepest.

– Det er særs uvanleg at nokon døyr av harepest i Noreg, då har ein ofte ein annan sjukdom som er med på å verke inn. Som tilsynsmyndigheit er ikkje vi varsla, men veit om saka, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

I 2017 blei det meldt inn 81 tilfelle av harepest i Noreg, noko som er meir enn normalt, syner tal frå Folkehelseinstituttet. Årleg er det vanlegvis meldt om mellom 30 og 50 smitta personar.

Fleire kan vere smitta utan å vite om det.

– Det er nok veldig mange som har, eller har hatt harepest, utan å få diagnosen, meiner Ness.

Åtvarar mot å drikke vatn i naturen

Det er størst risiko for smitte av harepest når det er mykje lemen og mus. Då bør du vere forsiktig med å drikke vatn i naturen, meiner Folkehelseinstituttet.

Ikkje drikk vatn direkte frå naturen i område med mykje smågnagarar, fuglar eller beitedyr. Dette gjeld spesielt vatn frå små vatn, elvar og bekkar, seier Heidi Lange, som er seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet.

Lange får støtte frå fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

– Det er koseleg å fylle ein kopp med vatn frå ein bekk, men det er ein viss risiko for at dette kan vere forureina frå ein død gnagar som ligg i vasskjelda, seier Stensland.

I tillegg bør du unngå direkte kontakt med gnagarar.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FYLKESLEGE: Per Stensland er fylkeslege i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kan få feber og influensasymptom

I haust fekk fleire harar påvist harepest i eit populært tur- og jaktområde i Aurlandsdalen. Personane kan ha blitt smitta gjennom forureina drikkevatn, eller direkte kontakt med dyr.

– Vi har vore ekstra merksame på sjukdomen etter at fleire harar fekk påvist harepest i haust. Personane som er smitta har hatt feber over lang tid, leddsmerter og følt seg dårleg, seier kommuneoverlege Trygve Ness.

Flest tilfelle var det i Hedmark og Vest-Agder. Der var det 11 personar som var smitta i 2017. Telemark og Østfold hadde begge ti personar.

I Aurland kommune er alle tilfella av smitte påvist i oktober og november. Fylkeslegen er ikkje overraska over at ein har fleire tilfelle i same kommune over kort tid.

– Her kan det vere ein felles smittekjelde. Dette er noko vi kallar for tilfeldig opphoping, seier Stensland.