Hopp til innhold

Person i elv

Personen som ramla i elv i Årdal er no berga på land.

Vaktleiar Oddbjørn Aune hos Alarmsentralen i Florø, sa tidlegare at brannvesenet hadde mannskap framme.

– Personen er lokalisert i elva, og brannvesenet har kontakt med vedkommande. Våre folk meiner dei skal få vedkommande opp ved hjelp av ein sele, sa Aune klokka 11.35.

Klokka 11.41 var vedkommande berga på land att av brannvesenet.

Ifølgje operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnor, organiserte brannvesenet redninga ved hjelp av ein sele og tau for å få vedkommande opp frå elva.

Han fortel at dei førebels ikkje veit så mange detaljar kring ulukka, men at politipatrulje er på staden og vil prate med vedkommande.

– Førebels ikkje meld om andre skadar enn at vedkommande er våt og kald, seier Rebnor.