Hopp til innhold

Person hamna i sjøen

Både brannvesen og legebåt rykte ut etter melding om at ein person låg i sjøen ved Inderøy kai i Solund.

Inderøy

– Vi fekk melding via AMK i Førde klokka 12.32 om at det var ein person som låg i sjøen ved ein båt som låg ved Inderøy kai, seier vakthavande ved 110-sentralen i Hordaland, Stig Tettler.

Personen låg i vatnet, og folk på staden hadde problem med å få han opp i båten att.

Mannskap frå Hardbakke rykte ut for å hjelpe.

– Helse Førde sende også ein legebåt til staden, seier Tettler.

Kjenner ikkje til tilstanden

– Like før klokka 13 har vi fått melding frå våre folk på staden om at dei har kontroll. Eg kjenner ikkje til tilstanden til personen som var i vatnet, seier Tettler.

Han kjenner ikkje til kva type båt det var snakk om, eller kva som er årsaka til at personen hamna i vatnet.

– Vi trur det var ein mindre båt. Vi hadde på veg dykkarar frå Bergen, men dei er no stoppa, seier Tettler.