NRK Meny
Normal

Livlaus mann i 80-åra funnen i sjøen ved badestrand

Ein mann i 80 åra vart funnen livlaus i sjøen ved ei badestrand i Hundvik i Eid kommune.

Badeulukke i Hundvik

UTRYKNING: Luftambulansen rykka ut til badeulukka i Hundvik i Eid kommune, der ein person vart funnen livlaus i vatnet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Politiet fekk klokka 12.54 melding om ein tilsynelatande livlaus mann i 80 åra, i sjøen ved ei badestrand i Hundvik i Eid kommune.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser i 15.30-tida at tilstanden er alvorleg, men stabil. Han får no behandling ved intensivavdelinga.

– Det var funnen ein livlaus person i vatnet. Det var andre personar på stranda og vedkommande vart tatt på land, seier Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Frakta til sjukeus

Politiet opplyser at det vart utført hjarte- og lungeredning på staden.

– Ein driv med gjenoppliving på staden, opplyste politiet klokka 13.10.

Alle naudetatane rykka ut, og mannen vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Laster kart, vennligst vent...