NRK Meny
Normal

Mann (42) til sjukehus etter fall i foss

Ein 42 år gammal mann er moderat skadd etter at han fall i elva i nærleiken Gamle Strynefjellsveg.

Ein mann er sendt til sjukehus etter at han fall i fossen ved Tystigen i Stryn.

SJÅ VIDEO: Ein mann har falle i elva i nærleiken av Gamle Strynefjellsveg i Stryn kommune.

Politiet opplyser klokka 13.20 at ein mann har falle på elva nær Gamle Strynefjellsveg, i nærleiken av sommarskisenteret.

Politiet opplyser at 42-åringen har falle utfor ein mindre foss, og pådrege seg fleire kutt og brotskadar.

Frakta til sjukehus

Då politiet fekk melding om ulukka, var den skadde kome på land.

– Mannen skal ha kome seg på land sjølv, opplyser politiet.

Mannen er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

AMK opplyser klokka 1845 at mannen er moderat skadd og er lagt inn ved vanleg avdeling.