Hopp til innhold

Persa for andre gong på fem dagar

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sette ny personleg rekord på Bislett torsdag kveld. Dette er den andre rekorden hans på fem dagar.

Strømmen Kjerpeset

IMPONERTE: Øyvind Strømmen Kjerpeset har levert gode resultat dei siste dagane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Han sprang inn til 2. plass på 400 meter hekk under ei forøving til Bislett Games. Tida hans blei 50,81, noko som er ny personleg rekord. Løpet blei vunne av italienske Leonardo Capotosti.

Hekkeløparen frå Florø seier det var eit godt løp, men følte han hadde meir inne.

– Det var litt ergeleg å ikkje få alt ut i dag. Det hadde vore veldig fint å sett ny norsk rekord under løpet på Bislett, men løpet var ikkje heilt optimalt. Eg hadde meir inne, seier han.

Under Florø friidrettsfestival i helga som var, kom han for første gong under 51-talet med tida 50,86. Han nærmar seg den norske rekorden som er 50,67.

I dag var han 14 hundredelar frå den norske rekorden, noko som er mindre ein meter. Kjerpeset seier norgesrekorden kjem straks.

– Eg kjenner det på kroppen, for den følast super. Framgangen min i år har vore fantastisk og eg håper eg blir betre og betre utover sesongen.

Neste sjansen blir under Europa-league i Storbritannia neste helg.

– Eg skal gjere så godt eg kan og under gode forhold kan eg klare. Eg skal i alle fall gå 110 prosent inn for det, seier han.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO; Her er Øyvind Strømmen Kjerpeset i aksjon under Florø friidrettsfestival i helga.