Hopp til innhold

Permitteringar i Vik

25 personar ved Vik Ørsta si avdeling i Vik har fått permitteringsvarsel. Administrerande direktør, Kjetil Neset, seier til Sogn Avis at det har vore ein roleg periode på prosjektsida noko som ikkje er uvanleg på denne tida av året. Det er snart fem år sidan sist deler av staben vart sende ut i permisjon, skriv avisa. Også den gongen var bakgrunnen svak ordreinngang vinterstid.

Vik Ørsta
Foto: Arve Uglum / NRK