Hopp til innhold

Permitterer nesten alle tilsette ved verft

Dei fleste tilsette ved Havyard i Leirvik blir permitterte i januar, fordi islandske Fafnir offshore har utsett bygginga av eit skip med eitt år.

Havyard Ship Technology i Leirvik

MÅ PERMITTERE: I januar blir det ingen aktivitet ved skipsverftet i Leirvik

Foto: Rune Fossum / NRK

Verftet i Hyllestad har allereie kutta rundt 60 årsverk grunna lågare oljepris og manglande konkurransekraft.

Det var nett.no som første melde om at verftet no må permittere nesten alle tilsette i januar.

Den siste nedturen kjem etter at det islandske selskapet ikkje fekk langtidsarbeid og dermed ikkje langtidsfinansiering for skipet dei vil byggje i Leirvik.

– Det blir utsetjinga av dei arbeid i Leirvik og det betyr at vi permitterer folk i januar. Resten av året ser heldigvis ganske bra ut, seier marknadsdirektør i Havyard, Gunnar Larsen.

Vil påverke resultatet med millionar

Utsettinga av bygginga av skipet vil ha ein negativ innverknad på resultatet for Havyard Group på om lag 20 millionar kroner, skriv Firda.

– Det er aldri kjekt å høyre om permitteringar og stans i produksjonen på verftet. Samstundes er vi glade for at det konkret her handlar om at arbeidet blir skyvd fram i tid, og at ein ser føre seg ein stor produksjon på seinvinter eller tidleg vår, seier ordførar i Hyllestad kommune, Morten Askvik til NRK.

Han fortel at det er lite kommunen kan gjere, anna enn å vere så god støtte som mogleg opp mot dei som mister jobben eller blir permitterte.

– Det er grenser for kva kommunen kan gjere, og det er ganske få som har vore i kontakt med kommunen og ønskt hjelp. Dei som har vore det har vi hjelpt så langt vi kan, seier ordføraren.

Har framleis tru på Havyard

Askvik trur ikkje at det som skjer ved Havyard vil ha altfor store konsekvensar i høve til frå- og tilflytting i kommunen.

– Eg tenker at det ikkje er noko nytt at det svingar i denne bransjen, så eg trur ikkje det er dette som avgjer om folk torer å flytte hit til kommunen.

Og trass i at det er den andre nedslåande nyhenda på kort tid frå det som har vore omtalt som hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad, har Askvik framleis tru på at Havyard vil spele ei viktig rolle.

– Dei har allereie gjort grep for å gjere seg mindre avhengige av olje, så eg har stor tru på at Havyard vil halde fram med å vere ei viktig bedrift i Hyllestad og regionen i lang tid.