NRK Meny
Normal

Nokre må permittere - andre fryktar at busslastar med turistar ikkje kjem

Permittering av tilsette og store økonomiske tap, er somme av konsekvensane for reiselivsverksemdene ei veke etter brannen i Gudvangatunnelen i Aurland. Tunnelen kan verte stengd heile august.

gudvanga

TAPAR PENGAR: Gudvangen fjordhotell (t.v) lir under at stenginga av Gudvangatunnelen.

Foto: Montasje

Det er framleis uklart når Gudvangatunnelen vil opne igjen etter tunnelbrannen for over ei veke sidan. Stenging av tunnelen har ført til store konsekvensar for reiselivsnæringa.

Både hotell og turistattraksjonar i Flåm lir under den stengde tunnelen, då fleire cruisebåtar ikkje har lagt til kai i Flåm etter tunnelbrannen.

Permitterer dei tilsette

Ved Gudvangen Fjordhotell har Direktør Olav Hylland byrja å permittere dei tilsette, skriv BT.

– Vi har allereie permittert tre tilsette, og det blir nok fem-seks til saman. Det er heilt forferdeleg. Det er jo no vi skulle hatt dei to beste veke i heile sommarsesongen, seier Hylland til BT.no.

Ingrid Tønneberg

HAR GÅTT GLIPP AV 3500 PASSASJERAR: Direktør Ingrid Tønneberg på Stalheim Hotel.

Foto: privat

Også på Stalheim Hotel får tunnelstenginga enorme konsekvensar.

– All cruisebåttrafikk som går til Flåm må jo gjennom Gudvangatunnelen. Den første veka har vi gått glipp av 3500 passasjerar som skulle vore innom hotellet, seier direktør Ingrid Tønneberg til NRK.

Tapar store summar

Brannen i Gudvangatunnelen måndag i førre veke førte til at 66 personar vart sendt til sjukehus og kring 80 personar sat innesperra i tunnelen i minst ein time.

Statens vegvesen har no teke til med oppryddingsarbeidet, men arbeidet kjem til å ta lenger tid enn først rekna. Mellom anna skal tunnelen spylast ned, og dette arbeidet blir meir omfattande enn venta, fortel Statens vegvesen.

Tønneberg seier at hotellet har tapt minst 400 000 kroner den første veka, som følgje av stengd tunnel.

– Det er heilt forferdeleg å tenkje på at tunnelen kanskje er stengd ein månad til. August er vanlegvis ein travel månad for oss, så dette er ille. Vi er jo i utgangspunktet fullt bemanna, seier Tønneberg.

Og konsekvensane blir ein særs dårleg sesong, seier ho.

– Det verste er nok at vi ikkje får noko svar på kor lang tid det kjem til å ta. Då veit vi ikkje kor lenge vi eventuelt må permittere dei tilsette, fortel hotelldirektøren.

Tønneberg seier no at det burde vore sett i gong strakstiltak då tunnelen vart stengd. Hadde tunnelen vore ein annan stad i landet hadde den nok vore opna mykje raskare, seier ho.

– Det er frykteleg å måtte seie opp dyktige medarbeidarar fordi staten ikkje får opna tunnelen raskare, seier Tønneberg.

Kan få konsekvensar for framtida

Fleire gonger den siste veka har ho opplevd avbestillingar frå hotellgjestar.

– Dette er sjølvsagt veldig keisamt, men det aller verste er turoperatørar som ringer og vurderer å leggje om trafikken i september. Dette er turar dei har bestilt eit år i forvegen, seier ho.

No fryktar hotelldirektøren at dette kan få fatale konsekvensar for framtida til hotellet.

– Det kan vere at dei legg om reiserutene sine, og lagar nye reiseruter for neste år. Det er det verste som kan skje, seier Tønneberg.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast