KrF'arane i fylket slit, men dei slit på ein god måte, tykkjer dei. Valet mellom Per Steinar Osmundnes og Trude Brosvik er ikkje veldig lett. Men i motsetnad til enkelte andre parti så handlar det ikkje om å bli kvitt ein upopulær kandidat.
Gode skussmål
Per Steinar Osmundnes frå Gloppen tok over stortingsplassen då sambygdingen Magne Aarøen gjekk bort og får gode skussmål overalt, men sentralstyremedlem og Gulen-ordførar Trude Brosvik har lenge hatt ei høg stjerne i partiet.
Førebels ser det likevel ut til å gå Per Steinar Osmundnes sin veg. 16 lag har så langt sendt inn forslag på kven som bør toppe lista deira. Ni av dei går inn for glopparen, og sju har sett Trude Brosvik øvst på lista. Dei ni som har Osmundnes på topp har 27 utsendingar på det endelege nominasjonsmøtet, medan dei sju som støttar Brosvik har 17 utsendingar.
Delt syn
Men biletet er meir brokete enn som så. I fleire av laga er dei delte. For eksempel så reknar Johan Vadøy i Bremanger med at to av deira utsendingar vil støtte Osmundnes og at ein vil gå for Brosvik. Også Grete Elin Roset i Stryn tykkjer det var eit vanskeleg val, men ho meiner det er riktig å satse på Osmundnes. I Førde fall lokallagsleiar Knut Dvergsdal og laget hans ned på det motsette synet.