Hopp til innhold

Per-Ole køyrde seg fast i rasmassane

JØLSTER (NRK): – Om eg ikkje hadde hatt firehjulstrekk hadde det aldri gått bra, seier Per-Ole Jørgensen.

Måtte Rygge frå raset

STOD FAST: Per-Ole Jørgensen stod ei stund fast i rasmassane i Jølster.

Foto: NRK

Per-Ole Jørgensen er ein av mange som fekk ei dramatisk oppleving då uvêret herja i Jølster tysdag.

– Det var heilt forferdeleg. Eg sat og høyrde på at det small og lyna. Eg skulle sjå ut vindauget, og då var alt brunt nedover her, seier han, og peikar nedover bakken mot Jølstravatnet.

Jørgensen reagerte raskt på det han såg.

– Eg hugsar ikkje kva eg tenkte, men eg sprang til garasjen for å få bilen ut, og henta hundane mine som var inne.

– Eg såg ikkje så mykje

Medan Jørgensen gjorde dette byrja det å rase over vegen til huset hans.

– Då tenkte eg: «Eg har ikkje sjanse. Viss dette held fram kjem eg meg ikkje ut herifrå».

Per-Ole Jørgensen

HUGSAR LITE: Ifølgje Jørgensen hugsar han ikkje så mykje av situasjonen tysdag.

Foto: NRK

Ifølgje Jørgensen er det mykje han ikkje hugsar frå situasjonen, men det første han tenkte var at han måtte kome seg til Vassenden. På vegen hadde det byrja å legge seg jord, steinar og tre.

– Eg køyrde rett inn i det. Eg såg ikkje så mykje, seier han.

– Plutseleg stod eg fast. Eg prøvde å kome meg ut att, men bilen berre seig ned i gjørma.

– Veit ikkje kva som hadde skjedd

Etter ei stund greip dekka på bilen tak i nokre steinar som hadde kome med raset.

– Eg gassa på og det lukta svidd. Plutseleg gjekk bilen bakover og eg fekk snudd, fortel Jørgensen.

Då han kom seg laus frå rasmassane køyrde Jørgensen mot Svidalsneset, der både han og hundane vart henta ut av redningsmannskap i båt. Jørgensen er glad for at bilen hans er bygd for tøffe forhold.

– Om eg ikkje hadde hatt firehjulstrekk hadde det aldri gått bra. Eg veit ikkje kva som hadde skjedd.

Under bilen

UNDER BILEN: På undersida av bilen til Jørgensen er det tydelege spor etter rasmassane.

Foto: NRK