NRK Meny
Normal

Sjå! Endå ein Flo på landslaget!

Stryningen Per Egil Flo er utteken i troppen til privatlandskampane mot Frankrike og Russland. Uttaket kom fullstendig overraskande på Molde-spelaren.

Per Egil Flo

KLAR: Per Egil Flo får sin landslagsdebut. Dermed går han i fotspora til slektningane Jostein, Tore André og Håvard Flo.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Eg er kjempenøgd. Det er stort å bli teken ut på landslaget. Men det er først og fremst jobben her i klubben som tel, og det er difor eg har komme dit eg har komme, seier Flo.

Den tidlegare Sogndal-spelaren gjekk til Molde i fjor sommar, og har ikkje vore utteken på A-landslaget før.

– Om eg får speletid står jo att å sjå. Men det er utruleg artig å vere teken ut og få moglegheita til å vere med å bidra, seier Flo, som ser fram til landslagssamlinga.

– Det er ei fin oppleving. Det er dei antatt beste spelarane i landet på dette tidspunktet, og å få vere med og sjå og lære av dei, det blir bra, seier Flo.

Har hatt fokus på jobben i Molde

– Eg hadde ikkje nokon forhåpningar om å bli teken ut. Tanken har ikkje slege meg i det heile, før trenare vår Tor-Ole nemnde det i media, seier Flo, som har ei audmjuk haldning til det heile.

– Berre å få spele er ein draum i seg sjølv. Eg vil no berre bidra med det eg kan, og så får vi berre håpe at det går bra, seier Flo.

Han understrekar at han har hatt fullt fokus på jobben han skal gjere i Molde. At Molde har hatt ein god start på sesongen, trur han er medverkande til at både han og fire andre Molde-spelarar er uttekne til landslagssamling.

– Naturlegvis. Når laget har ein slik posisjon på tabellen, så blir spelarane vore attraktive også for landslaget. Prestasjonane som vi som lag har gjort, har nok ein stor del av æra for dette, seier Flo.

Landslagssjef Per-Mathias Høgmo

SPENT: Landslagssjef Per-Mathias Høgmo har tru på at Per Egil Flo kan bidra med gode kvalitetar på landslaget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Også Even Hovland frå Vadheim, også han Molde-spelar, er med i troppen som landslagssjef Per-Mathias Høgmo offentleggjorde klokka 12 i dag.

– Han hadde ein del gode kampar allereie i fjor, og han passar svært godt inn i måten vi tenkjer å spele fotball på. Han er løpssterk, har ein god fot og også ein sterk karakter, seier Høgmo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Per Mathias Høgmo presenterte spillerne som skal representere Norge i kampene mot Frankrike (25/5) og Russland (31/5)

Har stabilisert seg på eit høgare nivå

Han ser fram til å sjå stryningen i aksjon med flagget på brystet.

– Han har stabilisert seg på eit endå høgare nivå i vår. Det gjer det spennande å sjå han i troppen, seier Høgmo.

Dermed følgjer Per Egil i fotspora til fleire av slektningane sine.

Onkelen Håvard Flo har 26 A-landskampar på samvitet. Han scora mellom anna Norges mål i VM-kampen mot Skottland i 1998, og er scora totalt sju landslagsmål.

Jostein Flo spelte 53 kampar og scora 11 mål for det norske landslaget. Tore André Flo var ein sentral landslagsspelar frå 1994 til 2005, og spelte 76 landskampar og noterte seg for 23 mål på A-landslaget. Han spelte også 28 kampar og scora 15 mål på U21-landslaget.

Alvoret startar 9. september

Norge møter Frankrike 27. mai og Russland fire dagar seinare, og får dermed viktig kamptrening mot gode motstandarar før EM-kvaliken til hausten.

9. september byrjar alvoret for Norges landslag. Då startar EM-kvalifiseringa med Italia som første motstandar på Ullevaal.

Norge rykkte opp ei plassering, frå 56. plass til 55. plass, på FIFA-rankinga for mai.

Her er laguttaket:

Andre Hansen – Odd
Rune Almenning Jarstein – Hertha Berlin
Ørjan Håskjold Nyland – Molde

Mohammed Abdellaoue – Stuttgart
Daniel Braaten – FC København
Mats Møller Dæhli – Cardiff
Tarik Elyounoussi – Hoffenheim
Per Egil Flo – Molde
Vegard Forren – Molde
Brede Hangeland – Fulham
Even Hovland – Molde
Tom Høgli – Brugge
Ruben Yttergård Jenssen – Kaiserslautern
Stefan Johansen – Celtic
Anders Konradsen – Rennes
Yann-Erik de Lanlay – Viking
Martin Linnes – Molde
Håvard Nielsen – Eintracht Braunschweig
Håvard Nordtveit – Borussia Mönchengladbach
Jonathan Parr – Crystal Palace
Morten Gamst Pedersen – Rosenborg
Per Ciljan Skjelbred – Hertha Berlin
Alexander Tettey–Norwich

NRK oppdaterer saka

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.