- Utan tariffavtalar får tilsette ofte dårlige løns- og arbeidvilkår, seier Bente Nesse, distriktssekretær i LO i Sogn og Fjordane. Ho meiner at ein må kunne kreve at ei såpass stor verksemd med 40-50 tilsette skal ha tariffavtalar på plass.
Nesse understreker at ho ikkje på at ho ikkje kjenner detaljane i avtalane dei tilsette i transportverksemda har med arbeidsgjevar.
- Gode vilkår
Dagleg leiar Per Andreas Øren i tranportselskapet ville torsdag kveld ikkje la seg intervjue om saka, men stadfestar at dei mellom 40 og 50 tilsette i transportverksemda ikkje er fagorganiserte eller har tariffavtalar. Han peikar på at dette er frivillig og at dei tilsette har gode lønsvilkår. Utover dette vil han ikkje kommentere saka.
Billy Fredagsvik tek saka opp med Hydro-leiinga. (Foto: NRK)
Nesse i LO meiner tariffavtalar burde ha vore på plass, uansett kor gode vilkår dei tilsette har.
Kontaktar leiinga
Per A. Øren AS vert hyra inn av mellom andre Fundo Wheels og Hydro i Høyanger. Hovudtillitsvald hjå Hydro, Billy Frdagsvik, meiner det er uheldig at Hydro hyrer inn eit selskap der dei tilsette ikkje er fagorganiserte. Fredagsvik seier at dei har teke saka opp med leiinga i Hydro.
- Uheldig
Bente Nesse i LO meiner ordninga i Per A. Øren AS er uheldig. (Foto: NRK)
Det har ikkje lukkast NRK å få innsyn i kva avtalar som gjeld for dei tilsette i transportfirmaet. Men Nesse i LO meiner til liks med Fredagsvik at det uavhengig av avtalane er uheldig når dei tilsette i ei verksemd ikkje er organiserte. Ho har god forståing for at Fredagsvik som tillitsvald i Hydro tek opp saka med leiinga.