Sissel Gunn Nesdal fortel at dei ikkje ante ugler i mosen då det eldre paret i går sjekka inn og fekk tildelt eit dobbeltrom på Stryn vertshus. Vanlegvis tek dei betaling på førehand, men på grunn av at mange sjekka inn på same tid vart det avtalt at hotellbetjeninga ville kome rundt på romma og ta betaling i etterkant.
Då dei kom på rommet for å ta betaling, så opna ikkje ekteparet døra. På avreisedagen la kona nøklane på disken, og sa at mannen skulle betale. Og så stakk dei bare av. Då hotelleigaren løp etter og opna bildøra for å stogge ekteparet, gav dei berre gass og køyrde.
Politiet fortel at dei sist vart observert i ein svart Mercedes leigebil på veg mot Strynefjellet. Kanskje på veg mot nye gjestfrie vertshus?