NRK Meny
Normal

Jofrid (94) og dei andre pensjonistane tek affære når brannstasjonen forfell

Ein gjeng driftige pensjonistar i Måløy har sett seg leie av sjå forfallet på brannstasjonen i byen. Dei tok saka i eigne hender og inviterte tysdag til dugnad for å få måla det gamle bygget.

Foto: Bjarne Eldevik

VIDEO: Pensjonistane varta opp med kaker og hjalp også til med målinga. Foto og redigering: Bjarne Eldevik

– Det kjem til å gå veldig bra, men du må ikkje tru at det er pensjonistane som skal gjere det! Vi skal berre drikke kaffi og vere til pynt, og så skal vi måle litt nedst og koste litt og lage til, seier Turid Breidalen, som står i spissen for dei spreke pensjonistane.

– Det er brannmennene som skal gjere det!

Det var Fjordenes Tidende som først fortalde om dei måleglade pensjonistane som skal gjere brannstasjonen ny.

«No gjer vi noko»!

Likevel: Initiativet kjem frå pensjonistane. Sjølv var Breidalen på vill fart rundt i Måløy sentrum tysdag, for å finne ein lift for å kome opp i høgda. Ho fann liften, men pensjonistane held seg på bakken.

– Å løfte pensjonistar på 90 år opp dit er å gå over streken! Men vi er veldig stolte som pensjonistar i Måløy over at vi har drege dette i gong, seier Breidalen.

Pensjonistane kosar seg

SOSIALT: Måling var berre ein del av programmet. Like viktig, og viktig for heile lokalsamfunnet, er det sosiale over ein kopp kaffi og ei kake, seier Turid Breidalen.

Foto: Bjarne Eldevik

Ei veninne av Breidalen, Kari Oppedal på 90 år, sa ho vart kvalm kvar gong ho gjekk forbi brannstasjonen. Ikkje lenge etter vart Breidalen tvinga til å køyre forbi denne slitne brannstasjonen då ei gate vart einvegskøyrt.

– Ein dag eg og Kari var på butikken i lag sa vi til kvarandre: «No gjer vi noko». Så snakka vi med Kim Hjelle som er brannsjef, og han sa «flott»! Så tigga vil måling, ler Breidalen.

Breidalen tok også ansvaret for å bestille måling. Ho ville ha brannbilraud.

– Men den fargen var godt ut av produksjon. Då vart det volvo-raud, og den matchar perfekt med dei brannbilane vi har! Det blir så fint!

– Vi lagar ein «happening»

Sjølv om brannmennene altså står for mykje av målinga, har pensjonistane organisert mykje.

– Vi lagar ein «happening» utanfor her. Vi set på plass stolar og småbord, og serverer kaffi og kaker til alle som kjem forbi. Det er det pensjonistane som gjer! Dei har laga sjokoladekake, svele, kringle og mange sortar, seier Breidalen.

Jofrid Tytingvåg

94 ÅR: Men i full vigør. Jofrid Tytingvåg var oppe halve natta og bakte tre kaker, og var på plass og deltok i målinga.

Foto: Bjarne Eldevik

– Jofrid Tytingvåg er berre er ikkje meir enn fireognitti! Ho stod til klokka 03 på natta og baka tre kaker! So stod ho opp att klokka 07 for å vere sikker på at alt gjekk i boks!

Men Tytingvåg var likevel på plass lenge før målinga starta. Saman med ei rekkje andre pensjonistar tok dei utover dagen ansvar: både for målinga og for kaffi og kake til lokalbefolkninga.

Viktig for eit lokalsamfunn

Initiativtakar Breidalen er frå seg av glede over kor mange som vil hjelpe.

– Eg tykkjer det er fantastisk kjekt at så mange pensjonistar har involvert seg! Dei gidd å involvere seg. Det er greitt nok at det er kommunen sitt ansvar og ditt og datt. Men visst vi no berre sit å kritiserer, er det feil. Litt dugnad har vi godt av!

Dei skal halde på heile veka for å verte ferdige.

– Alle som vil kan kome å bidra. Alle som vil kan kome å drikke kaffi. Det er berre kjekt. Når vi lagar til noko kjekt, og folk møter opp, så fungerer det sosiale i eit lokalsamfunn. Det er veldig viktig, seier Breidalen.

Mat og kaffipause

GOD GJENG: Her er nokre av pensjonistane som deltok. Her var det mat og kaffipause.

Foto: Bjarne Eldevik
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser