Hopp til innhold

Pensjonistane jubla over papirsiger, men no er dei misfornøgde igjen

Mange pensjonistar var strålande fornøgd då det i fjor vart avgjort at dei likevel skulle få pensjonsslippen heim i posten, dersom dei reserverte seg mot å få han digitalt. No syner det seg at det er meir enn berre pensjonsslippen dei har sagt nei til.

Jan Davidsen leder Pensjonistfobundet

UNDRANDE: Pensjonistforbundet er undrande til kvifor det ikkje går an å seie nei til pensjonsslippen digitalt, utan å seie nei til all digital kommunikasjon med det offentlege.

Foto: Hedvig Bjørgum / NRK

– Det verkar litt uheldig at ein må reservere seg mot all digital kommunikasjon med det offentlege for å kunne få pensjonsslippen på papir, seier leiar i pensjonistforbundet, Jan Davidsen.

Pensjonsslippen er eit fast skriv som kjem til ale pensjonistar, og fortel detaljane knytt til pensjonen deira. Mange protesterte då det i fjor vart slutt på at den kom i posten.

Å få pensjonsslippen tilbake på papir og ikkje berre digitalt var ei av hjartesakene til KrF i valkampen. Forslaget fekk fleirtal i Stortinget mot slutten av 2017 og frå 1. juli kan pensjonistane no få att pensjonsslippen i posten.

Men berre dersom dei aktivt går inn og reserverer seg mot å få han digitalt.

– Det mange ikkje er klar over, er at dei ikkje kan få i pose og sekk. Om dei seier nei til å få pensjonsslippen digitalt, seier dei faktisk nei til all digital kommunikasjon med det offentlege, seier seksjonssjef Hege Feet Askvik i Difi på Leikanger.

Det er dei som tek imot førespurnader frå folk som vil reservere seg frå digital pensjonsslipp, og ho seier at pågangen er enorm.

– Berre dei siste dagane har det vore rundt tusen personar som har teke kontakt kvar dag, seier Askvik.

Åtvarar mot å reservere seg

Men ho forklarer at det slettes ikkje er alle som er klar over kva dei seier nei til.

– Det er mange som til dømes ønskjer å ha kontakt med skatteetaten digitalt, slik at dei kan få sjølvmeldinga si der. Då vil vi åtvare mot å reservere seg frå digital kommunikasjon, for du kan ikkje få i pose og sekk, seier Askvik.

Dette skjønar ikkje Davidsen i pensjonistforbundet.

– Vi vil be om eit møte med styresmaktene for å få klarheit i kvifor det ikkje kan vere mogleg å få til ei løysing der ein reserverer seg berre mot å få pensjonsslippen digitalt. Det er tydeleg at mange ønskjer den på papir, samstundes som mange har lyst til å vere digitale og bli flinkare til det, seier Davidsen.