Hopp til innhold

Pengestøtte til NM i bogeskyting

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir 100.000 kroner til neste års NM-arrangør, Førde bogeskyttarklubb. Det melder klubben på sine eigne nettsider. Pengane skal gå til kjøp av nye skytematter med stativ, noko som er ein føresetnad for å arrangere meisterskapen for mellom 350 og 400 deltakarar. NM blir arrangert 5. til 7. april neste år i Førdehuset.

Bogeskyting
Foto: Jan Myklebust