Modell av Stad skipstunnel. Arkivfoto NRK
John Breivik i Vanylven Vekst har teke over som dagleg leiar etter at Åge Starheim vart stortingsrepresentant. Han seier det er mange som no får spørsmål om bidrag.
Viktig arbeid å gjere
Breivik vil ikkje seie noko om kor mykje pengar som trengst. Det skal dei no sjå nærare på, men det kan lett bli snakk om ein millionsum. For sjølv om Stortinget neste år skal handsame saka om tunnel, er det viktig arbeid å gjere for selskapet.
Reknearbeid
Breivik peikar mellom anna på reknestykket ved å flytte transport frå veg til sjø, og endra kalkulasjonsrente sidan kostnadskalkylane vart gjort.