NRK Meny
Normal

Pengedryss over sognevegar

SOGNDAL (NRK): Ei planlagt lekkasje frå statsbudsjettet avslører at regjeringa har tenkt å bruke fleire hundre millionar kroner på rassikring i Sogn.

Frå framlegginga av rassikringsmidlane

NØGDE: Høgre og Framstegspartiet var nøgde då¨dei la fram ei lekkasje ifrå statsbudjsettet i Sogndal i dag. Sjølve statsbudjsettet til regjeringa skal leggast fram på torsdag

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Dette er noko vi har jobba med lenge, så det er veldig gledeleg at dette no er på plass. Det seier ordførar i Aurland Noralv Distad (H).

Løyvinga består av to sjølvstendige prosjekt. Det eine er ei rassikring av vegen mellom Vik og Vangsnes. Her skal til saman 3,8 kilometer verte utbetra. Det andre er ei utbetring og sikring av den rasutsette strekninga på E16 mellom avkøyringa til Flåm og inngangen til Flenjatunellen.

– Vi er glad for kvar einaste vegstrekning som vert sikra, men akkurat vegen mellom Vik og Vangsnes er veldig rasutsett, så der måtte vi nesten få på plass noko.

Riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes

UTSETT: Dette er delar av vegen mellom Vik og Vangsnes. Det er ein særleg rasutsett veg.

Foto: Arild Henjum

Rasvollar og tunnel

På strekninga på E16 i Aurland skal rassikringa bestå av rasvollar som skal byggast ut for å ta i mot masse som kjem rasande ned. Mellom Vik og Vangsnes skal store delar av sikringa vere gjennom å byggje ein tunnel. Denne delen vil åleine koste nærare 600 millionar kroner.

Distad fortel at regjeringspartia har jobba aktivt opp mot regjeringa for å få dette på plass. Han håpar likevel på fleire utbetringar framover.

– Vi har og mange rassikringsprosjekt som vi jobbar med fram mot nasjonal transportplan som kjem til våren, så dette er eit arbeid som vi jobbar med heile tida.

Let folk kome seg ut av bygda

Også fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Lars Svein Drabløs, er strålande nøgd over løyvinga som er varsla før statsbudsjettet vert lagt fram på torsdag.

– Det har vore veldig viktig å få på plass rassikring mellom Vik og Vangsnes, slik at folk har ein trygg måte å kome seg ut av bygda på om vikafjellet skulle vere stengd, seier Drabløs.

Også han er likevel spent på kva meir som kan kome av vegløyvingar til Sogn og Fjordane i tida framover.

– Vi er jo veldig spent på kva som kjem i nasjonal transportplan for fylket vårt. Det er mykje vi håpar på der, både meir rassikring, E39 og traseval mellom aust og vest er vi veldig spente på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.