Pengar til unge kunstnarar

Sogn og Fjordane fylkeskommune delar i år ut fire arbeidsstipend og tre stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen. Dei som tek imot arbeidsstipend er Arnfinn Kolerud, Reidun Rose Vinda og Lillian Samdal, som får for to forskjellige prosjekt. Dei som tek imot stipend til unge kunstnarar er Eline Kristiansen Brun, Siri Linn Brandsøy, og Ådne Dyrnesli.