Hopp til innhold

Pengar til to gangvegar

Regjeringa har løyvd pengar til bygging av to gang- og sykkelvegprosjekt i Sogn og Fjordane.

I Naustdal er det rekna med 16 millionar kroner i forskot til bygging av sykkelveg langs riksveg 611 i retning Vevring.

På Kyrkjebøstranda i Høyanger blir det også bygd sykkel- og gangveg neste år.

- To viktige prosjekt for folk som bur der, seier fungerande regionvegsjef Signe Eikenes.