Hopp til innhold

Statsbudsjettet: «Ein svært god dag for skipstunnelen»

Tilhengarar av Stad skipstunnel kunne juble då finansminister Siv Jensen (Frp) la fram forslaget til statsbudsjett i dag.

Randi Humborstad

GOD DAG: Ein svært god dag for Stad skipstunnel, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad. Men ho åtvarar om at dei må halde trykket mot departementet oppe.

Foto: Øystein Torheim

«I 2015 er det aktuelt å bruke planleggingsmiddel til utarbeiding av reguleringsplan for Stad skipstunnel i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal», står det i budsjettforslaget.

Prosjektleiar for Stad Skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad er svært nøgd.

– Dette er ein god dag. Regjeringa øyremerkar 20 millionar kroner i planleggingsmidlar til Kystverket. Det er faktisk første gang det blir gjort. Vi er veldig nøgde med at dei spesielt nemner midlar til Stad skipstunnel, seier ho.

Må halde framdrifta

Tidlegare har ikkje mindre enn 18 statlege utgreiingar om Stad skipstunnel vore gjennomførte. Kostnadane har vortne rekna til å vere om lag 1,7 milliardar kroner.

Humborstad seier jobben langt frå er gjort med denne løyvinga. Ein reguleringsplan for ein så stor tunnel vil ta eitt til to år.

– Det er avgjerande for framgangen i prosjektet at Kystverket kjem i gang i byrjinga av 2015. Det er viktig fordi vi ynskjer at planarbeidet skal vere i rute til rullering av nasjonal transportplan i 2017, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

1,8 KILOMETER: På dette flyfotoet ser vi kvar Stad skipstunnel skal gå – frå Moldefjorden (til høgre) til Kjødepollen (til venstre)

Foto: NORDWEST3D

Dei store pengane til bygging må nemleg kome gjennom at skipstunnelen kjem inn på nasjonal transportplan, som Stortinget skal revidere og rullere i 2017.

– Vi er i rute. Men vi må halde framdrifta. Det er ekstremt viktig at departementet bestiller forprosjekt og reguleringsplan etter nyttår. Visst vi kjem i gang over nyttår rekker vi 2017, seier Humborstad.

– Eit steg nærmare

– Betyr dette at de er eit steg nærmare Stad skipstunnel?

– Det betyr det. Absolutt. Vår oppgåve framover er at vi held presset oppe mot samferdsledepartementet, slik at dei bestiller forprosjektet og reguleringsplan av Kystverket. Det er det no pengar til, på grunn av potten på 20 millionar.

– Eg har vore i dialog med Kystverket og ser at det vil vere pengar til Stad skipstunnel i potten på 20 millionar, seier Humborstad.