Hopp til innhold

Pengar til Oldedalsvegen

Samferdsleutvalet i fylket vil så snart råd er bruke seks millionar kroner på opprusting av vegen i Oldedalen.

Vegen til Oldedalen byr på utfordringar for turistbussjåførane
Foto: NRK

Fylket får i år 18 millionar kroner meir i inntekter enn rekna med, og det er seks av desse millionane samferdslepolitikarane vil bruke i Oldedalen, seier utvalsleiar Liv Henjum.

 

- Behovet der er stort, vegen er dårleg, og trafikken er enorm i forhold til vegstandarden. Vi har Oldedalen øvst på  marginallista, no er det midlar, og då ynskjer vi å signalisere at vi må få meir pengar slik at vi får samanhengande og fortløpane utbetring av denne vegen.

Kostar langt over 100 mill kr

Marginallista er den lista politikarane set opp over tiltak dei vil ha gjennomført dersom dei får meir pengar enn rekna med. På marginallista for fylkesvegar står altså Oldedalen på topp, men i år greidde dei ikkje å finne meir enn vel ein million, som er ein dråpe i havet på eit anlegg som treng langt over 100 millionar for å få skikkeleg standard. No kan det bli litt utbetring på grunn av den gode skatteinngangen. Desse pengane hadde fylkesrådmannen i utgangspunktet føreslått å bruke til å redusere låneopptak i år, men politikarane vil noko anna.

- Forsømt vedlikehald

- Fylkesrådmannen viser og til kommunalministeren som har sagt at pengane kan brukast til å ta igjen etterslep på vedlikehald. Vegen i Oldedalen er eit utbetringsprosjekt, men det handlar og om forsømt vedlikehald som gjer at vegen er blitt så dårleg, så vi meiner det er i tråd med signala som har kome å bruke pengane slik..

Meir rekkverk

Samferdslepolitikarane vil også bruke ein million av ekstrapengane til meir rekkverk på fylkesvegane i år. Det er til slutt fylkestinget i oktober som avgjer pengebruken.