Mange sparer pengar på snøfattig vinter – andre fortvilar...

Medan Austlandet og Sørlandet har fått mykje snø, har Vestlandet berre bakkar og plussgrader. Det betyr pengar i kassa for mange. Men dei skiglade fortvilar.

Det er lenge sidan januar har vore så mild på vestlandet som i år. Anleggsarbeidarane slepp vinterpause og kommunane sparar hundretusenvis av kroner.

VIDEO: Det er lenge sidan januar har vore så mild på Vestlandet som i år. Anleggsarbeidarane slepp vinterpause og kommunane sparar hundretusenvis av kroner.

For det har ikkje vore ein så mild januar på lenge. Gjennomsnittstemperaturen i Hordaland og Sogn og Fjordane har lege to-tre grader over normalen, og det har vore svært tørt.

Det milde vêret betyr draumeforhold for dei som jobbar utandørs med å byggje hus, driv med anleggsarbeid eller jobbar i transportbransjen. Arbeidet går fortare og blir ikkje hindra av vêret.

– Slike vinterforhold som dette, har eg nok ikkje opplevd tidlegare. Det er heilt fantastisk å drive under slike forhold, med tre-fire plussgrader og snø- og telefritt, seier prosjektleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.

Gjer vegbygginga enklare

Jan Bjarne Thorsnes

ARBEIDET GÅR RASKARE: Prosjektleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen seier det er enklare og raskare å jobbe no som det er mildvêr.

Foto: Johan Moen / NRK

Utanfor Sande i Gaular går arbeidet med å byggje ny veg for fullt. På byggeplassen finst det ikkje eit fnugg av snø sjølv om det er midt i vintersesongen.

Mildvêret gjer det enkelt å drive med fyllings- og betongarbeid. Dei slepp å rydde snø, dekke til bakken og tine is. Dette gjer at dei brukar langt kortare tid på arbeidet med vegen enn dei hadde trudd tidlegare.

– Dette vêret framskundar arbeidet vårt. Det ville gått treigare om det var skikkeleg vinter med snø og is, seier prosjektleiar Jan Bjarne Thorsnes.

Bygginga går fortare

På ein byggjeplass i sentrum av Nordfjordeid, kan dei også gle seg over mildvêret medan arbeidet med leilegheiter held på. Arbeidarane tykkjer det er eit utruleg ver og dei slepp å bli plaga med tele i jorda.

– Eg kan ikkje hugse tilsvarande vintrar. Det betyr mykje for framdrifta at det er så mildt og det blir heilt andre kostnader, seier Tor Gunnar Horne i byggefirmaet Opal.

Sparer mykje på brøyting

Bernhard Øberg

VÅRLEGE DAGAR: Plogane får rolege dagar hos teknisk sjef Bernhard Øberg i Førde kommune.

Foto: Johan Moen / NRK

Også kommunane sparer hundre tusen på brøyteutgifter. I 2011 og 2012 brukte Stryn kommune 800.000 og 900.000 kroner på brøyting i januar månad. I januar 2014 brukte kommunen ingenting.

Fleire andre kommunar melder om 100.000 eller meir i innsparingar til brøyting. Mellom anna har Høyanger, Jølster og Leikanger spart mykje denne vinteren.

Hos driftsavdelinga i Førde kommune er det rolege dagar. Teknisk sjef Bernhard Øberg

– Det vi ser her er utstyret vårt som ikkje har vore brukt på ein månads tid. Det er både grusar, plog og anna utstyr som har stått stille ein månads tid i påvente av snø, seier han.

Driv nærast våronn

Brøyting og grusing blir det lite av for tida, så no driv dei nærast våronn.

– Vi har folk som sjekkar og bytter ut skilt, ein som har feia gatene og ein annen som har grave ein kanal for å få fram vatnet.

Eit normalt snøfall kostar Førde kommune 100.000 kroner i døgnet. Det betyr at kommunen har spart ein del pengar.

– Men vi må ikkje ta sigeren på forskot, for vi får det nok igjen i oktober-november, seier han.

... men nokre fortvilar

Arne Helgheim

FORTVILAR: Arne Helgheim i langrennsgruppa i Førde idrettslag håper det snart kjem snø på Langeland.

Foto: Johan Moen / NRK

Sjølv om nokre gler seg, er det langt frå alle som er nøgde med mildvêret. På skisenteret på Langeland er det normalt snø og skiglade folk å sjå. I dag er det folketomt.

Arne Helgheim er leiar i langrennsgruppa i Førde idrettslag. Han ser utover det brune jordet. Her skulle det vore kvite skispor og mange løyper på denne tida.

– I februar er det vanlegvis snø og gode skiforhold, og denne tida er høgsesong for vår del. Eg hadde sett pris på at det var kvitt her.

Det få kvite flekkane som ligg på bakken, kjem frå då dei prøvde å produsere kunstsnø. Men med mildvêr i lufta er det ei stor utfordring.

– Normalt klagar vi ikkje over tørrver. men når vi ikkje har snø blir dette ei utfordring for oss. Heile aktiviteten står på vent, for vi har knapt nok hatt skiforhold her. Etter nokre få dagar i jula, har ikkje anlegget vore i bruk, seier han.

Fryktar for rekrutteringa

Helgheim fryktar for rekrutteringa til skisporten når dei yngste ikkje får prøvd seg på ski.

– Det skapar utfordringar i forhold for interessa. Dei unge som skal bli introduserte for sporten, får ikkje den moglegheita. Mange reiser ikkje langt med små ungar for å komme til snøen. Det er også ei belastning for dei aktive løparane og støtteapparatet å måtte reise langt for å komme til snøen.

– Snø er alfa og omega i skisporten, vi får håpe og tru at det kjem snø, men ser ikkje så lyst ut.